Med ein nynorsk robot inn i framtida
I næraste framtid kan ein robot omsetja alle NTB-artiklane frå bokmål til nynorsk.
Ansvarleg redaktør Karoline Riise Kristiansen i NPK kan gle seg over at NPK i fjor nådde ut til fleire enn nokon gong før.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Den siste tida har Nynorsk Pressekontor samarbeidd med NTB om å utvikla eit omsetjingsinstrument eller ein robot. På budsjettet for i år fekk NPK ei statleg løyving på 800.000 kroner til dette, og på statsbudsjettet for neste år er løyvinga ein million.
Det var i 2007 at NPK valde nærare samarbeid og samlokalisering med NTB, og pressekontoret flytta bort frå Dag og Tid i Pilestredet. I tillegg til å laga eigne saker byrja NPK å setja om NTB-artiklar til nynorsk. No sender kontoret ut om lag 100 av dei 300 artiklane som NTB produserer kvar dag.
Då NPK flytta inn hjå NTB, sende pressekontoret ut 5500 saker årleg. Sidan har talet auka kraftig, og i fjor nærma det seg 30.000 saker. Men det kan verta snakk om endå meir, og roboten som set om NTB-artiklar, er årsaka til det. Samstundes auka eigenproduksjonen av artiklar frå 1700 i fjor sommar til om lag 2800 denne sommaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.