– Meir etnisk norsk enn kong Harald
Camara Lundestad Joof måtte til Danmark for å lese om Noregs deltaking i kolonisering og slavehandel. No har ho gjeve ut ei bok om å oppleve rasisme i Noreg.
Då ho fekk i oppdrag å skrive ei bok i Samlaget-serien «Norsk røyndom», ville Camara Lundestad Joof (30) skrive om pornografi. Slik gjekk det ikkje.
–?Eg ville ta eit oppgjer med eigne erotiske fantasiar som feminist og politisk aktivist. Men så dreia det inn på hudfargen min: Korleis vert ulike kvinner framstilte og behandla i erotikken? Eg forstod at det finst for lite norsk litteratur om rasisme. Eg kunne ikkje setje meg ned og skrive ei bok om pornografi, kropp og rasisme utan å måtte djupneforklare kva rasisme er. Det vart for rotete. Og det var denne boka eg måtte skrive først, seier Lundestad Joof, som er fødd i Bodø, med norsk mor og gambisk far.
Barn i Afrika og Dæhlie
Vi er på Grønland, på uteserveringa til Oslo Mekaniske Verksted, som deler bygning med Dramatikkens hus. Camara Lundestad Joof har på seg sommarkjole og solbriller. Seinare skal ho på Pride.
–?Eg er genetisk meir etnisk norsk enn kong Harald, seier ho, smiler og gestikulerer med sigaretten i handa. «Eg er så norsk at då eg var lita, selde eg og ei veninne små figurar vi hadde laga for 10 øre på gata», skriv ho i boka. Overskotet gjekk «til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie.»
–?Nokre kjende samfunnsdebattantar, som Mahmoud Farahmand i Nettavisen, tek til orde for at det vert ropa for høgt om rasisme i Noreg, at det ikkje er eit problem. Tek dei feil?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.