Minnepris til ære for Kim Friele
– Prisen skal heidre og føre vidare Kim Frieles innsats for skeive og for menneskerettar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I 2000 vart Karen-Christine (Kim) Friele utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden for arbeidet for homofile rettar.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Onsdag denne veka lanserte regjeringa ein pris som skal delast ut årleg til ein person, institusjon, grupper eller organisasjon som har vist stor innsats og engasjement for skeive og for menneskerettar.
– Fram til ho døydde i 2021, var Friele ein aktiv samfunnsdebattant med brennande engasjement for skeive og for menneskerettar generelt. Ho var avgjerande i kampen om avkriminaliseringa av homofili i 1972 og leidde den største skeive organisasjonen her i landet i mange år, seier Jaffery.
Føremålet med prisen er å anerkjenne arbeidet mottakaren gjer for å betre situasjonen til dei skeive. Saman med prisen vil mottakaren få eit økonomisk bidrag som skal støtte opp under arbeidet. Ein jury utnemnd av Kultur- og likestillingsdepartementet vil dele ut prisen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.