Litteratur
Minnepris til Kirstine Reffstrup
Skildringane i romanane famnar heile spekteret av sanseinntrykk, skriv juryen om årets vinnar av Stig Sæterbakkens minnepris.
Kirstine Reffstrup er tildelt Stig Sæterbakkens minnepris for 2023.
Foto: Sofie Amalie Klougart
Den danske forfattaren Kirstine Reffstrup er tildelt Stig Sæterbakkens minnepris for dei to romanane Jeg, Unica, og Jernlungen.
Minneprisen vert delt ut til unge litterære talent som har mot til å stå for eigne prosjekt og utfordre toleevna til lesaren, både i form og innhald.
Juryen skriv at Reffstrup er ein forfattar som «ikke viker tilbake for det grufulle, det frastøtende og det uforståelige», og at skildringane i romanane hennar famnar heile spekteret av sanseinntrykk og «viser en særlig varhet for kraften i kroppslige fornemmelser».
Debutromanen hennar, Jeg, Unica, frå 2016, vart i Danmark nominert til Debutantprisen og Montanas Litteraturpris og utnemnd til ei av årets beste bøker av Statens Kunstfonds Legatudvalg. Romanen har seinare kome ut i Frankrike, Sverige og Tyskland. Jernlungen kom ut i februar i år og vart alt då omtalt som «årets mest originale roman» av litteraturkritikaren Marta Norheim i NRK.
Stig Sæterbakkens minnepris vart oppretta i 2012, same år som Sæterbakken døydde. Blant forfattarane som i ettertid er tildelt prisen, er Jan Roar Leikvoll, Tina Åmodt, Cathrine Knudsen, Joakim Kjørsvik og Tore Kvæven.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.