Den nye mållagsleiaren
– Noregs Mållag har for tida rekordmange medlemmer, og eg opplever å vera med på noko stort og viktig.
Peder Lofnes Hauge (31) frå Gloppen er busett i Bergen og har i mange år vore rådgjevar for Venstre i byrådet.
Foto: Jannica Luoto
Det seier den nye leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, som vart valt på e-postlandsmøtet i helga. Det store politiske ordskiftet skjer på landsmøtet til hausten.
Hauge kjem frå Gloppen i Nordfjord, og der har han sete i kommunestyret i fleire år. Han er utdanna lærar, men vart dregen inn i politikken. Sidan 2015 har Hauge vore politisk rådgjevar for byråd Erlend Horn, Venstre, i Bergen.
I 2016 vart han valt inn i styret i Mållaget, og i meir enn eitt år har han vore nestleiar.
Denne veka hadde han sin første dag som travel leiar.
– På fulltid, og vel så det. Eg skal bruka all mi tid på målsaka dei neste to åra, slår han fast.
– Den avtroppande leiaren i Mållaget, Magne Aasbrenn, bur i Østfold. Du kjem frå tjukkaste «nynorskland». Kva endringar legg du opp til?
– Aasbrenn viste at nynorsken femnar om alle dei norske dialektane. Fokuset på dialektar og inngangen til nynorsk som talemålsbasert skriftspråk har vore viktig. Eg som kjem frå det tjukkaste nynorskområdet, har ein annan bakgrunn. Eg vaks opp med berre nynorsk rundt meg på skulen, men fekk naturlegvis bokmålet inn frå mange andre kantar. Me har ulike inngangar til nynorsken, men har arbeidd godt i lag i fire år, og eg skal vidareføra det arbeidet Aasbrenn har lagt ned som leiar. No ser eg fram til å sitja på andre sida av bordet og kjempa ein interessekamp opp mot både lokale og nasjonale styresmakter. Eg vonar at eg kan ta med meg ein del av røynslene frå det partipolitiske livet over i leiarjobben.
– Du har uttalt at du har opplevd ei nedlatande haldning til nynorsk i Venstre?
– Nynorsken står framleis sterkt i partiet, men som folkevald oppdaga eg at i Venstre, som i alle andre parti, er det krefter som vil svekkja sidemålsordninga og mållova. Det er folk som ikkje forstår verdien av den tospråklege tradisjonen me har i Noreg. Det kveikte eit engasjement i meg. Først då eg flytta frå Gloppen, opplevde eg å vera i språkleg mindretal og alt det fører med seg. Mållaget er på mange vis fagforeininga til nynorsken og nynorskbrukarane, og me er heilt avhengige av at nokon legg ned ein stor innsats.
– Kva er årsaka til at medlemstalet i Mållaget har auka til over 13.000?
– Me rekrutterer nok flest når språket er under åtak. Det såg me tydeleg då det vart debatt om styringsspråket i Vestland fylke. Då fylkespolitikarane gløymde nynorsken, mobiliserte folk i heile Noreg og melde seg inn i Mållaget. Eg trur at folk tenkte at viss ikkje Vestland skal styrast på nynorsk, kven skal då styrast på nynorsk. Det betyr noko om kollektivtrafikken og offentlege skular er styrte på nynorsk.
I Mållaget knyter det seg stor interesse til det som skjer både med den nye språklova og opplæringslova, som statsrådar frå Venstre, Abid Raja og Guri Melby, skal leggja fram.
– Det var utruleg skuffande og eit knefall for Høgre at regjeringa gjorde framlegg om fjerna kravet om plikt for statleg tilsette til å kunna skriva både bokmål og nynorsk. Det slår beina under legitimiteten til sidemålsordninga. Eg forventar at regjeringa tek inn att denne plikta når dei sender lova til Stortinget. Viss ikkje, må Stortinget rydda opp.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.