JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Energi i ermet

Dei er så Oslo at dei heiter Oslo Ess, men speler stort sett heilt andre stader.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oslo Ess då dei spelte på Larris i Førde 13. januar. Her ser vi Åsmund Lande, Eivinn Arctander (på trommer) og Peter Larsson (med gitar). Utanfor bildet står Simen Stensland (på keyboard) og Knut-Oscar Nymo (med bass).

Foto: Marita Liabø

8174
20240119
8174
20240119

Musikk

marita@dagogtid.no

Blant fjorårets norske plateutgivingar er det to som mange meiner er blant dei beste: Oslo Ess og Starvation. Det visste dei ikkje då dei la ut på turné i lag, Oslo Ess og The Dogs. Dei visste berre at det ville bli kniving om dei lengste av dei 16 sengene i bussen. Både frontfigur Åsmund Lande og frontfigur Kristopher Schau er nær to meter høge.

– Det er eit rullande, elendig hotell der få av sengene er to meter lange, seier Lande tørt.

Det er torsdag, han er heime i Oslo, men skal snart prøve å sove seg til Bergen, der dei skal spele på Verftet, før dei speler på Larris i Førde og så avsluttar turneen på Karmøy neste helg.

Kanskje er det verdsrekord i meter testosteron i éin bandbuss. I alle fall er dette folk som liker å sette rekord. Særleg The Dogs har eit sterkt konkurranseinstinkt, fortel Lande.

– Det er sunt. Det blir til at begge banda gir alt for å imponere både kvarandre, publikum og seg sjølve. Vi er nøydde til å levere. Viss vi kjem heim til Oslo og seier at vi hadde ein rå konsert i Førde, må det vere sant, sidan vi alltid har vitne rundt oss.

Ikkje tilfeldig

Koplinga mellom Oslo Ess og The Dogs er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Dei to banda har delt øvingslokale i ti år, manageren til Oslo Ess er gitarist i The Dogs, dei har eigd utestader i lag, ja, dei er kort og godt nære venner. Og nei, seier Lande, dei blir ikkje leie av kvarandre.

– Eg får energi av å henge med andre, og denne turneen har vore ein einaste stor opptur. Folk høyrer på platene våre og kosar seg på konsertane, og det gjer meg jævlig glad.

Før han danna Oslo Ess, spelte han i band som laga hardare punk.

– Vi skulle vere så tøffe og skumle. Med Oslo Ess ville eg gi folk ei energiinnsprøyting. Vi lagar mørke låtar òg, men målet er å lure fram eit smil i sjølv dei største skeptikarane når vi speler live. Det ligg i ryggrada vår.

Ultraløp

Det var ikkje plankekøyring i starten. Den første plata, Uleste bøker og utgåtte sko frå 2011, blei spelt inn på eiga rekning. Plateselskapa hadde ikkje trua.

– «Det er kul musikk, men folk utanfor Oslo kjem ikkje til å ta desse referansane», sa dei. Der stod vi, eit ukjent band med gjeld oppetter øyra, og bestemte oss for å spele i kvar minste bygd.

Dermed blei det 210 konsertar i 2012, pluss fem konsertar i utlandet, pluss at dei spelte inn andreplata, Verden på nakken, venner i ryggen, som nådde førsteplassen på VG-lista.

– Vi er eit band du ikkje treng å reise til Oslo for å sjå. Vi kjem til deg, seier Lande.

– Men korleis er det å spele i eit vegkryss som Førde, der det knapt finst ein punkar?

– Enkelte stader, som Sandnes og Porsgrunn, har eit rockemiljø som har vakse fram rundt eldsjeler. Førde har kanskje ikkje det, men vi har hatt kjempefine konsertar der.

Oslo Ess er vel eit av få rockeband som kan spele der utan å gå i minus.

Det som er synd, skyt han inn, er at når dei speler i Førde, går dei ikkje ut av hotellet. Konsertlokalet ligg der, dei et der, dei kan trene, bade og ta badstue der, mens skodda trykker oss ned utanfor, mellom fjella, der vi sklir frå kloss til kloss.

– Sist vi var i Førde, tok eg ein joggetur i lag med bassisten, så då fekk eg sett litt.

Bassisten, Knut-Oscar Nymo, spring alle stader, same kor glatt og vått det er. Ei natt i sommar sprang han frå Kongsberg til Sandefjord, 85 kilometer, frå éi scene til den neste.

– Ingenting kan stoppe han, seier Lande, som sjølv vaks opp med gymlærarforeldre, har gymlærarsøsken og ser ut som ein gymlærars draum: sprek og sterk.

Kumlokk

Uansett må dei gå ein ørliten tur denne laurdagen i Førde, då Kristopher Schau legg ned eit kumlokk utanfor hotellet klokka 13.00. «Our town, our rules», står det under eit hundefjes på det 42 kilo tunge Ulefos-produserte lokket av resirkulert jern som du kan kjøpe for 5000 kroner.

Det første kumlokket blei lagt ned i Horten, og no får altså Førde eit.

– Oslo nektar å ta imot kumlokk frå The Dogs, endå det er vår by, klagar Schau, iført gul jakke og The Hellacopters-lue, til dei frammøtte, ordføraren inkludert.

– Fuck Oslo. Vi elskar Førde.

Hotellsjefen ler. Ordføraren held tale. Journalistane knipsar.

– Det er viktig at det finst scener som Larris, seier Schau.

– I dag speler vi her for andre gong på eit halvår. Det har vi ikkje gjort andre stader enn i Oslo. Vi skryter av Førde på grunn av Larris.

Ut av boksen

Når Oslo Ess ikkje turnerer i lag med The Dogs, er dei samanfletta med OnklP & De Fjerne Slektningene. For å seie det enkelt er Oslo Ess De Fjerne Slektningene. Og når dei legg ut på ein ny turné i april, er det i lag med The Good The Bad and The Zugly, som dei skal varme opp for i Sverige.

Då passar det godt at dei har ein fersk svensk låt: «Där jag står» av gitarist Peter Larsson.

– Då vi feira albumsleppet med ein middag, kom det fram at alle rundt bordet unntatt Peter hadde «Där jag står» som favoritt. Knut-Oscar tende på alle pluggar: «Vi må til Sverige, gutar! No skal vi ta svenskane!»

Plateselskapet sa det same: «Det neste må bli Sverige.»

Og så kjennest det rett, fortel Lande, å vere tilbake i Indie Recordings, som gav ut dei tre første platene deira, og som elles har band som Satyricon og Kvelertak i stallen.

– Du må vere ein god samarbeidspartnar, som held Oslo Ess samla og jobbar tett med så mange andre i år etter år.

– Vi samarbeider godt, alle saman. Når vi får oppfylt den teite draumen vi hadde då vi sat og høyrde på Green Day og Rancid i unge år, har vi gode forhold å samarbeide under. Sjølv etter 13 år må vi klype oss i armen. I år skal vi dele scene med Metallica og Tool på Tons of Rock. Nålauget er lite. Det at vi syng på norsk, er ei avgrensing, og i punken er reglane strenge.

Å bruke piano, til dømes, er liksom jålete. Men førre plate, Pønk, rock og harde kår, opna med «Thunder Road»-aktige «Aldri se oss tilbake», med Lande på munnspel akkompagnert av piano. På Oslo Ess høyrer vi kassegitar og trompetfanfarar. Vi høyrer ska, stadionrock og blues, nærmast.

– Vi kalla plata Oslo Ess fordi vi tok dette steget. Ut av punkboksen. No har vi ikkje berre piano på eit par låtar; vi har òg med oss blåsarar på konsertane. Lydbildet er langt større enn før.

Språkglede

Oslo Ess lagar i tillegg tekstdriven musikk. Der «I Wanna Be Your Dog» av The Stooges, for å ta ein av dei mest kjende punklåtane, består av 70 ord, kan ein Oslo Ess-song bestå av 400 ord. Titlar som «En dans på nevroser» og «Prinsessa på alerten» vitnar om språkglede.

– Er det du som er lyrikaren?

Lande vrir seg litt.

– Det er vel eg som skriv mest. Men eg og Knut-Oscar skriv mykje saman. Eg vaskar tekstane gjennom hovudet hans. Vi utfyller kvarandre. Eg liker å gå rett på sak, og seie det enkelt, slik Jokke gjorde, eller slik Springsteen gjer det. Knut-Oscar har ein meir kunstnarisk innfallsvinkel. Han målar bilde og snur på uttrykk. Vi er best når vi samarbeider. «Caroline», for eksempel, som handlar om ungdomskjærasten min, blei mykje betre enn om eg hadde skrive songen aleine.

Soyabønner

Noko som er verre å få skrive, er masteroppgåva i urbant landbruk ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Det Lande har forska på, er dyrking av soyabønner i kontrollerte omgivnader, utan jord og med kunstig lys og næringsvatn.

– Alt er klart. Det står berre att å skrive teksten.

Det hjelper ikkje at han blei far i haust. Heller ikkje turnélivet er som før.

– Dei første gongene eg var heimanfrå, var det ikkje godt. «Kva er det eg driv med? Eg skal vere heime!» Men livet må gå vidare. Kona mi har permisjon, og eg må gjere jobben min.

Han tok opp igjen studia, som han la til sides på grunn av musikken, då koronaen kom.

– Pandemien skremde meg. Eg innsåg kor skjørt det er, dette. Det held ikkje å lage musikk som er bra i ein objektiv målestokk. Vi må treffe hjartet til folk skal vi overleve.

Sånn sett varma det nok, det meldaren i Musikknyheter skreiv om Oslo Ess: «Toppkarakteren sitter ikke langt inne, når albumet føles som en lang, varm klem fra en skikkelig god venn.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi er eit band du ikkje treng å reise til Oslo for å sjå. Vi kjem til deg.

Åsmund Lande, frontfigur i Oslo Ess

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis