Klangpoesi
Eugeniusz Rudnik var ei viktig røyst i den elektroniske musikken.
Eugeniusz Rudnik i studio i Warszawa i 1987. Han var òg lydteknikar for Arne Nordheim.
Foto: Piotr Ciesla / Forum
Eugeniusz
Rudnik
Tilrådd album:
Erdada Na Tasme (Requiem Records, 2013)
Miniatury (Requiem Records, 2015)
Stykke av
Arne Nordheim:
Solitaire (1968)
Colorazione (1969)
Film:
15 Corners Of The World (Endorfina Studio, 2014)

Eg vart nyleg introdusert for den polske komponisten Eugeniusz Rudnik (1932–2016) gjennom den framifrå kunstfilmen 15 Corners Of The World. Filmen er laga som ein dokumentar, men kombinerer òg uttrykk frå dans, arkitektur og kunstfilosofi med Rudniks tidlause elektroniske musikk. Rudnik har vore ein viktig komponist og ljodteknikar, og han er eit stort førebilete for mange andre musikarar og komponistar innanfor elektronisk musikkomposisjon.
15 Corners Of The World skildrar i stor grad ulike landskap, frå skog, åsar, sletter og vatn, til urbane strøk i byar, bygningar og vegar. Heilt vanlege ting, men med små finurlege detaljar som set kvardagslege scenar i nytt ljos. Den drøymande filminga og dei stadig skiftande bileta er sett saman med musikken på ein måte som gjer at eg vert heilt oppslukt av stemninga. Filmen gjev eit levande portrett av den nyskapande kunstnaren, og ein får eit solid blikk inn i mykje av produksjonen hans sidan 1960-talet.
Saks og magnetisk teip
Eugeniusz Rudnik vart fødd i den polske byen Nadkole i 1932 og byrja tidleg i tjueåra å arbeide i det eksperimentelle studioet til polsk radio i Warszawa, der han revolusjonerte samtidsmusikken med hjelp av nytenking kring kva musikk kan vere, og verktøy som saks, magnetisk teip og bandmaskinar. I radiostudioet fekk han tilgang på mykje av den nyaste teknologien, som modulære synthezisarar og annan elektronikk, som danna grunnlaget for mykje av moderne elektronisk musikk i dag. Rudnik førte vidare mykje av impulsane frå «musique concréte»-stilen, der ein i stor grad nyttar og manipulerer feltopptak, og han fann nye måtar å setje saman lydar til musikalske kollasjar på.
Han arbeidde tett med mellom andre Arne Nordheim og var lydteknikar og musikar på fleire av dei viktigaste verka hans, mellom andre Solitaire og Colorazione, sistnemnde urframført på Festspela i Bergen i 1968. Rudnik var med på å gjere Warszawa til eit hovudsete for eksperimentell musikk i Europa i 1960-åra.
Gode døme
Om ein ynskjer eit par små døme på lydkunsten til Rudnik, prøv å lyda på dei korte stykka «Dzwon Sie Topi» eller «Nostalgia Totalna» – dette er noko av det varaste og samstundes mest utfordrande eg har høyrt av elektronisk samtidsmusikk. Musikken har som oftast mange lag med ulike klangar og ei blanding av akustiske og elektroniske instrument og lydar. Det er korte stykke på berre nokre minutt kvar, og trass i det minimalistiske uttrykket er dei tettpakka med informasjon. Elles har mykje av den seinare musikken han laga, mange vokalelement og brotne lydar. Meir som soniske forteljingar og samtalar som ofte går føre seg over lang tid.
Turmusikk
For nokre dagar sidan tok eg på meg øyreproppar, fann fram til diverse musikk av Eugeniusz Rudnik og gjekk ut. Eg vandra roleg gjennom snødekt skog medan eg lytta på samlinga Miniatury – Modlitwa Cyborgów med nyutgjevne lydeksperiment frå 1960- og 70-talet.
Opplevinga av snøen, det kvite, frosne vatnet over alt, på tre, buskar og steinar, i eit slags bilete- og lydsamspel samstundes med dei utforskande klangane og teksturane i øyreproppane, gav meg ei klar og direkte kjensle av her og no. Det kjendest som om ljoset og landskapet forandra seg i takt med forandringane i lyd og klang. Musikken kjendest med eitt så fysisk at eg fekk trong til å ta på og fanga lydane i nevane, på same måte som ein kan ta på den kalde, krame snøen, samla ein haug og forma han til noko, figurliknande eller abstrakt.
Musikken til Eugeniusz Rudnik er sett saman på meisterleg vis, og eg får berre halde fram med å lyde, samstundes som eg vert ført til å sjå landskapet kring meg på stadig nye måtar.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.