JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

«Ta på deg treskonå og spring»

Medaas-prisvinnar Sigvart Dagsland er blitt stødigare i sin eigen dialekt og er ikkje redd for noko lenger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Han høyrest spennande ut, seier Sigvart Dagsland.

Foto: Agnete Brun

9260
20220826
9260
20220826

Musikk

ingvildbrain@yahoo.com

Musikar, tekstforfattar og komponist Sigvart Dagsland er den ferskaste mottakaren av Medaas-prisen, den 20. i rekka. På lista frå før står mellom andre Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Hellbillies, Vamp og Lars Lillo-Stenberg. Prisen blir kvart år tildelt ein utøvande kunstnar som i ånda til Ivar Medaas tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og brukar dialekten sin.

Dagsland har, med unntak av éi plate på engelsk, levert songane sine på ein relativt gjennomtenkt stavangerdialekt.

–?Eg sleit ei stund med a- og e-endingar, visste ikkje kva som låg mest naturleg for meg. Då eg med tida starta å skrive eigne tekstar, bad eg forfattar Gunnar Roalkvam gå gjennom tekstane mine og rydde opp i dei, det var slik eg kunne få orden på det. Men ser du på platene mine samla sett, er det nok ein viss inkonsekvens i korleis eg brukar dialekten. Eg er blitt meir bevisst på mitt eige språk med tida.

Seier Sigvart Dagsland. Men det var ikkje der vi begynte. Vi begynte i intervjuarens skrekk for torevêr, sidan det var meldt denne dagen. Eg var usikker på om eg skulle klare å komme meg til intervjuet. Når eg først med naud og neppe var kommen dit, måtte eg òg spørje Dagsland: «Ka e du redd for?» for å sjå til ein av songtitlane hans.

– I tenåra var eg redd for spådommane til Nostradamus, den store katastrofen. Etter trafikkulukka eg var i, som var ei liv-og-død-oppleving, er eg ikkje grunnleggande redd for noko. Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Den høyrest spennande ut. Men det er nok ein litt kilen overgang, seier Dagsland.

Dialekt

Slik begynte det. Etter at vi hadde etablert redsler, og mangel på redsler, kunne vi trygt gå vidare, der på Café Opera i Bergen. Han langt nedi ein sofa på eine sida av bordet, eg høgare plassert på ein stol på andre sida. Det var jo ikkje slik det skulle vere, når ein møter ein artist ein har sett høgt i mange år. I det minste er det eg som blir råka av lynet først, om det slår ned her inne.

Over kaffien fortel han at han set stor pris på tildelinga av Medaas-prisen. Han nemner tidlegare prisvinnarar, særleg Kari Bremnes, som han «beundrar grenselaust». Sjølve skalden Ivar Medaas har han ikkje eit så tett forhold til.

– Men om vi spoler tilbake til 70-talet, var jo dialekt noko ein ikkje brukte. Ikkje i TV, ikkje på teater eller i musikken. Så kom Ivar Medaas. Så kom Jan Eggum. Så kom Stavangerensemblet. Etter dette blei tida ein annan. Det var folk som gjekk framføre. Plutseleg kjendest det naturleg for meg å synge på min eigen dialekt.

Hans eigen dialekt er ikkje for kven som helst. Austlending og plateprodusent Erik Hillestad ved Kirkelig Kulturverksted har skrive mykje av Dagslands tekstmateriale, og han syntest det var så vanskeleg å sette seg inn i rogalandsmåten at han bikka heilt over og begynte å lese persiske sufiar. Kvar sin strategi for å komme til botnar av saker.

– Eg var jo usikker på nynorsken min, eller bokmålet. Kva du kallar det. Dei første tekstane eg sende inn til Hillestad, passerte ikkje kvalitetskontrollen hans. Det var vel derfor han skreiv tekstar for meg. Men det var eit fantastisk samarbeid som resulterte i mange sterke tekstar, og det ville vore ei hard oppgåve å skrive dei sjølv, for unge Dagsland. Vi blei seint vaksne i min familie.

Tekstforfattarar

Ein annan som er brukt ein del som tekstforfattar – Dagsland meiner han har laga melodi til omkring 20 av tekstane hans – er den før nemnde stavangerforfattaren og -lyrikaren Gunnar Roalkvam. Roalkvam var sosialisten frå austre bydel (som i gamle dagar var byens arbeidarstrok), som under ein middag inspirerte unge Sigvart ved å snakke om det sosiale i kristendommen. Og det var altså han som blei dialektvaskar for den ferske plateartisten. Slagerane «Sangen om gleden», «Seculum Seculi» og «Naken hud» er eksempel på Hillestad-materiale. Frå Roalkvam si hand kom mellom andre «Kan eg gjørr någe med det?» og «De umulige».

På plata Fri (1998) er alt tekstmaterialet signert Sigvart Dagsland. Då var han vel komen på høgd med sin eigen dialekt.

Ein tredje tekstforfattar på laget er Mike McGurk, som bur på Bømlo. Det aller meste av Dagslands tekstmateriale skrive etter 2000-talet er av dei to saman. At McGurk opphavleg er britisk, skal ikkje haldast mot han. Han veit òg at tekstane skal framførast, at Dagsland skal bere dei, i stemma og på scena. Dei to har eit enkelt prinsipp mellom seg: Dei må vere einige om at noko er bra. Er det ikkje det, blir materialet endra eller skrota.

– Korleis blir tekstane til?

– Vi møblerer. I starten, når eg sit ved pianoet, og ideane kjem, er det eigentleg pur intuisjon. Som i songen «Eit rom i huset» frå Forandring (2007). Der begynte eg berre å synge: «Det e et rom i huset som eg aldri går til…». Mike og eg såg på kvarandre: Kvar skal vi no? Vi likte oppslaget. Og så tar vi det vanlegvis derfrå. Frå då av går vi systematisk til verks for å finne ut kvar vi skal, vers for vers, snur kvar stein.

Om McGurk og Dagsland har eit «fingeravtrykk» som tekstforfattarar, dreier det seg om korleis gjere ei historie så lita som mogleg.

– Då kan ho plutseleg slå ut og bli stor, jamfør logikken i at går ein langt nok inn i det private, hamnar ein i det universelle.

Format, språk og måtar

Dagsland har kring 20 plater bak seg, i tillegg til eit knippe der han har medverka. I diskografien skil Soul ballads (2001) seg ut, med engelske tekstar av Mike McGurk. Det var den gongen Sigvart tenkte han skulle bli verdsstjerne.

– Eg ville utnytte lukrative tilbod frå plateselskap, eg ville selje i utlandet, eg ville lage alt sjølv. Idola mine var jo Billy Joel og Stevie Wonder, dei var ikkje frå Rogaland. Eg tok opp eit digert lån, satsa alt. Eg hyrte Jojje Wadenius, som har spelt med Diana Ross, Simon and Garfunkel og fleire. Eg danna eige selskap. Eg var så ambisiøs. Men plata tok ikkje av. I staden lærte eg enormt mykje – og tapte masse pengar. Det var ei erfaring eg måtte ha, tenker eg no. Litt som då eg studerte jus. Eg har ikkje fått direkte bruk for det, men eg er glad eg har studert det. Nordiske studiar var derimot midt i blinken for ein litteraturelskar og tekstforfattar.

Etter at songane hans «har flytta heimanfrå», ser han på seg sjølv som representant, eller ambassadør, for songane.

– Eg stiller meg ved sida av dei, i framføringa, om det går an å seie. Det er ikkje eg som skal føle, det er dei som lyttar, som eventuelt skal føle. Det var ein friande tanke då eg oppdaga det. Du anar ikkje kor mange gravferder eg har sunge i, og i byrjinga kunne eg bli djupt lei meg. Men så måtte eg tenke: Dette er ikkje mi sorg.

Som artist veit han òg kva slags scenerom han føretrekker.

– Eg har aldri tenkt på meg sjølv som folkeleg. Eg speler ikkje på festivalar, for eksempel. Då vil eg heller halde ein konsert på eit fyr, i eit kulturhus eller i ei kyrkje i nærleiken. Det er ikkje eg som får festen i gang. Eg søker heller eit møte mellom publikum og meg i det stille. I min musikk er nyansane og dynamikken viktig, og på store utekonsertar må ein ofte bruke så store bokstavar for å fange publikum at nyansane fort forsvinn.

Medaas-konserten

10. oktober er det duka for prisutdelingskonsert på Den Nationale Scene i Bergen. Her møter vi mellom andre Bjarte Hjelmeland, Tor Endresen, Marthe Wang og Bjørn Jensen. Og Dagsland, då.

– Øyvind Staveland i Vamp sa, då dei vann Medaas-prisen i 2017: «Dette er en pris man får for den man er.» Kven er du?

– Kanskje du må spørje dei som har gitt meg prisen. Men eg trur ikkje det er så stor avstand mellom meg som offentleg og privat person. Det er viktig for meg. Dei som skaper seg ein scenepersonlegdom, som Elton John, eller som David Bowie med Ziggy Stardust; det er ikkje meg. Under priskonserten på Den Nationale Scene har eg ikkje noko ønske om å vise fram meg sjølv, men songane mine.

– Kjem du til å gjere din versjon av «Dar kjem dampen»?

– Det læt freistande. Vi får sjå, seier han.

Etterord

Eg har klekt ut ein vri på ein Medaas-tittel for intervjuet, men eg klarer ikkje høyre, inne i austlandshovudet mitt, kva Sigvart Dagsland ville sagt om dei medaaske «triskona». Eg sender ei melding til han. Men Dagsland veit ikkje sjølv. Han gjettar på «treskone», men sender meg telefonnummeret til Gunnar Roalkvam. Eg ringer språkhjelpa.

– Sigvart vil nok seie «treskonå», seier Roalkvam.

– Takk for hjelpa, sosialisten frå austre bydel. Kor håplaus var Sigvart i dialekten sin då du først måtte rykke ut og hjelpe han?

– Eg vil heller seie han var lærevillig. Først sa eg til han: Kvifor syng du ikkje like godt på bokmål? Men eg trur det var Bjørn Eidsvåg som sa at han burde synge på dialekten sin. Og då han bestemte seg for det, sa eg til han at det fanst inga norm. Han måtte synge slik det var naturleg for han.

– Men du sneik inn kva som var naturleg for han?

– Ja, det finst jo mange sosiolektar i Stavanger, eg «tuna» han nok litt inn på det såkalla gatespråket mitt. Men det er sjarmerande at han knotar litt. Stavangerdialekt er det uansett, seier Roalkvam.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje eg som skal føle, det er dei som lyttar, som eventuelt skal føle.

Sigvart Dagsland, musikar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis