Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Vidt spenn i skandinavisk elektronisk musikkunst

Den danske elektronikapioneren Else Marie Pade laga noko av den mest spanande og nyskapande musikken i Skandinavia på 1950- og 60-talet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Else Marie Pade i studio i 1962.

Else Marie Pade i studio i 1962.

Else Marie Pade i studio i 1962.

Else Marie Pade i studio i 1962.

3570
20170707

Else Marie Pade

Tilrådd lytting:

Symphonie magnétophonique (1958)

Syv Cirkler (1958)

Glasperlespil (1960)

Lyd og Lys (1960)

Etude (1962)

3570
20170707

Else Marie Pade

Tilrådd lytting:

Symphonie magnétophonique (1958)

Syv Cirkler (1958)

Glasperlespil (1960)

Lyd og Lys (1960)

Etude (1962)

Dansk elektronika

Else Marie Pade

Det er langt imellom dei gongene eg vert så oppteken av ein komponist eg aldri har høyrt før, som eg vart av Else Marie Pade no nyleg. Eg fekk meg ei openberring på biltur ytst i Hardanger for nokre veker sidan, på snirklete veger i ausande regnvêr langs ein passande tåkelagd, men samstundes merkeleg lysande fjord. Med albumet Face It på bilstereoen fekk eg ei musikalsk oppleving eg ikkje har hatt tidlegare, men samstundes var ho så underleg kjend. Med Pades musique concrete-meisterverk Symphonie magnétophonique på full guffe kjendest det som å vere til stades i den høgst realistiske draumen til eit anna menneske eller i ein abstrakt film – røyndomsfjernt og -nært på same tid. Knallhardt med tanke på uttrykk og lyd, men med organisk nærleik og varme i forma på same tid. Dei omarbeidde lydane i stykket tar ein med gjennom eit døgn med storbyliv, gjerne vrengd, filtrert på ulike måtar, nokre gonger køyrd baklengs, alt tilpassa i ein stor musikalsk heilskap.

Lytteevne

Else Marie Pade (1924–2016) vart fødd og oppvaksen i Århus og seinare utdanna ved Det Kongelege Danske Musikkonservatorium i København. Ho var mykje sjuk då ho var lita, og gjennom lange opphald i sjukesenga utvikla ho heilt eigne evner til lytting, og ei sterk interesse for musikk og lyd generelt.

Under krigen var ho aktiv i motstandsrørsla, og ho vart arrestert av Gestapo for spionasje i 1944. Ho vart fengsla i Førslev fengselsleir, og det var her ho, i mangel av andre stimuli, komponerte dei fyrste stykka for piano og song.

Seinare vart ho elev av den franske komponisten Pierre Schaeffer. Tilknytt dansk radio fekk ho i løpet av 1950-talet tilgang til alt av moderne elektronisk utstyr og teknisk ekspertise.

Verka hennar vart fyrst tilgjengelege i 2001 og utover, då ein del av musikken vart utgjeven på CD. Til då hadde det meste vore gøymt vekk i bandarkiva i Danmarks Radio, der ho også hadde jobb som produsent i åra 1954–1970.

Sanseleg og fysisk

På stykket Syv Cirkler frå 1958, til dømes, er det som Else Marie Pade snakkar og syng til ein, gjennom dei modulære synthane, så sanseleg og så fysisk, og med ei så nær og tydeleg røyst ein nesten ikkje skulle tru var mogleg å få frå eit elektronisk instrument. Ho kalla den elektroniske musikken kosmisk, fordi han opnar opp for å ta inn og ut overtonar, bytte om på dei og filtrera lydane på måtar som ikkje noko anna instrument kan. Dei finst ikkje konkret i naturen fordi dei er omarbeidde tonekategoriar, og kan difor ikkje samanliknast med tradisjonelle instrument som til dømes fiolin eller klaver. Klangen får etter hennar eiga utsegn såleis ein heilt særeigen karakter, som for henne gav ein fridom til å bryta ut av dei jordiske og einsbestemmande naturlovene og inn i ei sonisk eventyrverd.

Då ein musikkjournalist frå det vidgjetne magasinet The Wire vitja den 89 år gamle Pade på gamleheimen, hadde ho visstnok rommet så fullt av både elektroniske instrument, bandopptakar og piano, i full gang med nye idear, at pleiarane hadde problem med å røra på seg der inne.

Som ein inngangsport til denne musikken kan ein sjekka ut utgjevinga Electronic Works 1958–1995 på britiske Important Records.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis