JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Hallfrid Pedersdatter Christiansen ville fullføre jobben som Ivar Aasen starta, med å samle Noreg språkleg.

Foto: Universitetet i Bergen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7831
20240516
7831
20240516

Språk

redaksjonen@dagogtid.no

Hallfrid Pedersdatter Christiansen blei fødd på Gimsøya i Lofoten i 1886. På denne tida var det svært sjeldan at folk med hennar bakgrunn fekk meir enn sju års skulegang. For ei kvinne frå periferien var universitetsutdanning heilt urealistisk. Men Christiansen må ha hatt mykje drivkraft og vore spesielt evnerik.

Støtta av foreldra gjekk ho først på folkehøgskule på Melbu, deretter heldt ho fram ved Angells privatskule i Kvæfjord. Der blei ho gift med styraren, som døydde av tuberkulose året etter.

Christiansen måtte klare seg sjølv, og etter nokre år som privatlærar rundt om i Vesterålen og Lofoten reiste ho til Kristiania, der ho blei «kontordame». Ho gifta seg på nytt, denne gongen med den 18 år gamle (og ti år yngre) journalisten og litteraten Olav Lüchen Kopstad. Da Kopstad døydde året etter, hadde paret alt fått eit barn. No starta nokre nye, harde år for Hallfrid Christiansen. Ho hadde ikkje økonomi til å forsørge dottera, som blei send nordover til besteforeldra.

«Ho hadde rett og slett feil språksyn.»

Hallfrid Christiansen utdanna seg vidare og fekk examen artium som privatist i 1925, omtrent samtidig som ho trefte den tredje mannen sin. Ho var alt 39 år gamal og gjekk i starten inn i rolla som husmor. Samstundes hadde ho no artium. Dermed låg vegen open, både formelt og praktisk sett (sidan arkitektmannen hadde ein trygg økonomi), for at ho kunne begynne å studere på universitetet.

Dei neste åra studerte ho filologi, og las norsk, tysk, sanskrit, gresk og gamalgermanske språk på Blindern. I 1931 kunne ho levere ei hovudoppgåve om målet på heimplassen Gimsøy i Lofoten.

Nokon, truleg folk i Vitskapsakademiet, må ha lagt merke til det originale arbeidet. Christiansen heldt fram med å forske på språket på heimplassen, og i 1935 hadde ho ferdig ei doktorgradsavhandling om gimsøymålet. Slik historikar Hallgeir Elstad skriv i Norsk biografisk leksikon, var dette eit pionerarbeid. Mellom anna utvikla ho ein ny metode for å skildre forskjellar i tonefall i ulike dialektar. Slik kunne ho vise kor særeige Gimsøy-målet var, også samanlikna med andre dialektar i Lofoten. Ingen norsk dialekt hadde nokon gong blitt studert så grundig.

Avhandlinga blei godkjend, trass i førsteopponenten, som var nynorskprofessoren Sigurd Kolsrud (1888–1957). Slik det kjem fram i Kjell Venås’ biografi om Kolsrud frå 2005, hadde han ingenting godt å seie om avhandlinga til Christiansen. Han meinte arbeidet var altfor smalt, og han likte verken metoden eller dei nye teoriane som låg bak.

Med avhandlinga i ryggen opna det seg uansett nye sjansar for Christiansen, og ho var ikkje sein om å gripe dei. I 1937 fekk ho to internasjonale stipend og kunne reise til Sorbonne-universitetet i Paris. Der var lingvistikken og fonetikken i ei rivande utvikling, ikkje minst i spora til strukturalisten Ferdinand de Saussure (1857–1913). Ho kom heim med nye idear, noko som dessverre skulle vise seg å bli eit problem.

Noreg blei invadert av Tyskland i 1940. Sjølv om mange av Christiansens karrierar blei sette på vent, jobba ho systematisk med innføringsverket Norske dialektar, som kom i tre band i perioden 1946–48. Denne læreboka kom i stadig nye utgåver, og blei nytta på norske universitet heilt opp mot 2000-talet.

I åra etter krigen skreiv Christiansen ei rekkje artiklar i fagtidsskrift. Ho reiste rundt i Noreg og samla ord og folkeminne, og ho heldt førelesingsseriar ved universiteta i Oslo og Bergen, slik ho som doktor hadde rett til. Men ofte gjorde ho det utan betaling.

Ikkje nok med det. Nokre av dei argaste motstandarane hennar blant professorane freista til og med å stanse førelesingane hennar, ifølgje universitetshistorikaren Fredrik W. Thue (til NRK i 2016). Noka professorstilling skulle ho aldri få (berre eit par vikariat). I ettertid synest ekspertane å vere einige om at det var ei klar forbigåing.

Kva var grunnen til motstanden Christiansen møtte? Vel, ho var kvinne og nordfrå, og ho opererte innanfor fagmiljø som var totalt mannsdominerte. Dessutan var ho oppteken av nordnorske dialektar, noko ingen av kollegaene hennar var. Men den kanskje viktigaste grunnen var at ho reint fagleg braut med det dominerande språkvitskapelege paradigmet i Noreg. Ho hadde rett og slett feil språksyn.

Den rådande retninga var den såkalla junggrammatiske skulen, som oppstod i Tyskland på 1800-talet og var opptatt av det strengt lovmessige. I Noreg dreiv lingvistane og trekte liner mellom talespråket i dag og det gamle norrøne språket, for å vise kontinuitet mellom dei to. Eit slikt språksyn passa «tilfeldigvis» godt inn i ein nasjonalromantisk kontekst.

Sagt enkelt, utan å gå inn i ein ganske innfløkt fagleg debatt som varte i hundre år: Christiansens tilnærming var påverka av nye kontinentale idear, ikkje minst den franske strukturalismen. Ho var ikkje så opptatt av linene tilbake til det norrøne, men meir av korleis talespråket fungerer her og no, som sjølvstendige og levande system, der kvar dialekt har sine eigne reglar for bøying og lydar.

Christiansen utfordra den rådande tenkinga og blei motarbeidd av tonegivande forskarar innan norsk språkforsking. Men ikkje av alle, og ikkje heile tida (sjølv Kolsrud skaffa ho pengar til feltarbeid). Professorane Alf Sommerfelt og Carl Marstrander, som dreiv med samanliknande indoeuropeisk språkvitskap, skjønte at Christiansen var ein kapasitet av dei sjeldne. I 1950 blei ho medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og frå same år fekk ho støtte frå det som seinare blei kalla Forskingsrådet.

Desse pengane brukte ho på det som blei livsprosjektet hennar. Etter krigen og heilt fram til 1962 reiste ho kvart år nordover på feltarbeid. Ho møtte folk, samla inn ord og uttrykk, studerte lokale talemål, lokale namn og så bortetter. På desse reisene gjekk Christiansen til fots, ho reiste med hesteskyss eller båt over lange avstandar. Det var viktig å nå fram til isolerte bygder, for slike plassar, der det gamle språklege særpreget hadde overlevd, gav ofte best utbytte i form av nye og originale ord.

For kvart nytt ord ho fann, laga ho ein ny setel. Ho kunne lage over to tusen slike på ein sesong, men her bør det nemnast at eitt og same ord kunne ha mange setlar. Feltarbeid var ikkje den einaste metoden ho nytta. Til dømes studerte ho òg bøkene til forfattarar med innslag av lokale ord, som Regine Normann, Hans Lind og Jens Hagerup.

Christiansen ville, alt etter korleis ein ser det, vere ein motsats til Ivar Aasen, eller fullføre jobben som Aasen starta, med å samle Noreg språkleg. For sjølv om Aasen var nordpå, fekk det han samla i Nord-Noreg, relativt liten plass i materialet som skulle danne grunnlaget for eit nytt folkespråk: landsmål (seinare kalla nynorsk). Her er det ei overvekt av vestlandsk i grammatikken, mens ordtilfanget i overvekt er frå dei indre dalføra på Austlandet. I dette biletet er det også ein sterk sosiologisk komponent, men nynorsken fekk uansett grunn eit ganske svakt feste i Nord-Noreg.

Christiansen drog på feltarbeid nordover til ho var langt over 70 år gamal, sjølv om ho hadde sviktande helse og dårleg syn. Ho hadde heller ikkje nokon sekretær, og måtte stort sett gjere alt aleine.

Arkivet etter Hallfrid Christiansen, som til sist blei overlevert til Norsk målførearkiv, inneheld mellom 65.000 og 85.000 setlar. Dette materialet blei ei viktig kjelde for storverket Norsk Ordbok 2014, som kom i tolv store band.

Christiansen fekk aldri ferdig den store, planlagde nordnorske dialektordboka. Det er dette materialet Ove Arild Orvik har brukt til den nye utgivinga Nordnorsk ordbok (sjå intervju til høgre).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis