Kunst
«Norwegische Landschaft»
Neste år blir eit ukjent meisterverk for fyrste gong tilgjengeleg for det norske publikummet.
Hans Fredrik Gude (1825–1903): «Fjordlandskap fra Balestrand» (eigentleg «Norwegische Landschaft», 1848). Olje på lerret, 102 x 127 cm.
Foto: Blomqvist
Verket som Nasjonalmuseet førre veke sikra seg for 4,1 millionar kroner under auksjonen frå Blomqvist kunsthandel i Oslo, syner den då knapt 23 år gamle kunstnaren Hans Gude som eit bråmodent talent: Heilskapen i komposisjonen er sikker og gjennomført, og fargevalørar og penselstrøk er av ypparste kvalitet. Dei klåre detaljane, det livfulle skuggespelet og perspektivet syner at opphavsmannen rådde over alle verkemidla i målarkunsten.
Truleg har ikkje måleriet vore utstilt offentleg sidan det blei måla i 1848, sannsynlegvis i Tyskland, der det hamna i privat eige under namnet «Norwegische Landschaft». Dette var same året som Gude saman med Adolph Tidemand måla det mest kjende måleriet sitt, «Brudeferden i Hardanger».
Sidan 1930-åra har verket vore i Oslo, også der i privat eige. Inntil nyleg var det ukjent jamvel for vår fremste Gude-ekspert, Frode Haverkamp. Det var han som vurderte verket for Blomqvist før auksjonen. Han fekk studera det på nært hald – attpåtil heime i si eiga stove – og er imponert over både den kunstnarlege kvaliteten og den framifrå bevaringstilstanden.
Strålande sommarvêr
– Haverkamp, kva er det me ser på biletet?
– Eit norsk landskap inst i ein fjordarm ligg framføre oss. Frå vatnet stig bratte fjell med ein bre i midten. Som hovudmotiv i mellomgrunnen ligg lafta trebygningar mellom svære kampesteinar, med eit frodig bjørketre i sentrum. Der er nokre åkerlappar og i forgrunnen ein liten grasbakke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.