NTB-språkprisen til Per Anders Todal
– Det er både svært gledeleg og litt merkeleg å bli prislønt for det prosaiske kvardagsstrevet i ei avis, sa prisvinnaren i takketalen.
Per Anders Todal saman med juryleiar Therese Manus og NTB-sjef Mads Yngve Storvik.
Fto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
«Det er kunst å skrive om tunge og til dels trauste temaer på en leseverdig og engasjerende måte. Årets vinner greier nettopp det – å løfte og gjøre noe spesielt ut av det han skriver om. Som leser blir man gledelig overrasket, man vet aldri hva man får», skriv juryen i grunngjevinga for tildelinga.
Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB Mads Yngve Storvik delte ut språkprisen under Nordiske Mediedager i Bergen onsdag kveld.
– Todal er svært produktiv og arbeider under tidspress. Likevel har tekstane hans svært høg kvalitet og tek overraskande vendingar. Det er imponerande, sa han.
I takketalen sa prisvinnaren at han både er stolt og audmjuk over å sjå lista over tidlegare vinnarar.
– Sjølv har eg hatt eit ganske enkelt mål i virket mitt som journalist: Om eg får høve til å skrive sant om viktige ting på ein interessant måte, skal eg vere nøgd. Dette målet har eg fått strekkje meg etter i over 20 år i Dag og Tid, ei avis som gjev rom for personlege røyster i nyhendestoffet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.