Ny opplagsvekst for Dag og Tid
Opplagstala syner ein framgang på 705 eksemplar, eller 6 prosent, for andre halvår 2021.
Gregor Falkner er marknadssjef i Dag og Tid.
Foto: Kenneth Wathne
Då Mediebedriftene la fram godkjende opplagstal for magasin, aviser og vekeblad onsdag denne veka, fekk Dag og Tid godkjent eit opplag på 13.425 for andre halvår i fjor.
Marknadssjef i Dag og Tid Gregor Falkner takkar lojale abonnentar for opplagsrekordane som vekeavisa har hatt dei siste åra.
– I tillegg til å fornye eigne abonnement snakkar dei godt om avisa og tipsar andre om henne. Det hjelper godt.
Veksten kom først og fremst frå komplettabonnementet, som inkluderer både papiravis og det digitale tilbodet med lydavis, e-avis, arkiv og digitalt kryssord.
– Denne kombinasjonen har vist seg å vere svært populær.
– Kva skal til for å vekse endå meir?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.