Nynorskpris til speljournalist
Øystein Furevik i Gamer.no er vinnar av nynorskprisen for journalistar som Kultur- og likestillingsdepartementet deler ut årleg.
Øystein Furevik heime i Sunnfjord.
Foto: Kultur- og likestillingsdepartementet
Øystein Furevik hadde akkurat sendt inn ein artikkel til nettavisa Gamer.no då det banka på døra hans heime i Furevik utanfor Førde i Sunnfjord. Sjokket var stort då han såg at det var Solveig Barstad, juryleiaren, som kom med dei overraskande nyhenda.
– Eg skjønte det ikkje heilt først. Det var litt sånn «hæ?!?». Så det var dagens sjokk, kan du seie. Og det har nok ikkje sokke heilt inn enno, seier Furevik i presseskrivet.
Gamer.no er ei redaktørstyrt nettavis som dekkjer spelbransjen. Nettstaden vart etablert i 2001 og har over 20.000 lesarar dagleg.
I grunngjevinga for prisen trekkjer juryen fram at Furevik sidan 2002 har skrive vel 1900 meldingar og artiklar til nettstaden. Tekstane er grundige, lettlesne og fulle av humor. Og dei er alle skrivne på nynorsk, trass i at spelverda er internasjonal og stort sett engelskspråkleg.
– I over 20 år har Furevik standhaftig drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken, skriv juryen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.