Oslos trubadur
Foto: Gorm Kallestad
Essayet vart skrive til CD-boksen Stilleste gutt på sovesal 1 (Grappa 2010) av Lillebjørn Nilsen. Omsett til nynorsk av Dag og Tid.
Jan Erik Vold har skrive eit nytt føreord, som du kan lese her: Lillebjørn vart norsk folkeeige
Lillebjørn Nilsen er Oslos trubadur. Han heldt i mange år årlege sommarkonsertar på Rockefeller som samla fulle hus. Ein slik tradisjon har, så vidt eg veit, berre éin forgjengar i hovudstaden, nemleg Herman Wildenveys faste opplesingskveldar i Universitetets aula. Når hausten nærma seg, gav poeten til beste av sommarens ville vekstar av nye vers – ein type arrangement som tok til tidleg på 1920-talet, då Kristiania var i ferd med å byta namn. Fyrste opplesing var i 1923. I 1925 fekk hovudstaden namnet Oslo. («A city so nice, they had to name it twice» – Jon Hendricks, om New York City.)
Men Wildenvey var ingen trubadur, han var lyrikar. Einar Rose var trubadur, men skreiv ikkje visene sjølv. Finn Bø var ein flott visediktar, men framførte ikkje tekstane. Rudolf Nilsen skreiv vers på rim, som vart til viser fyrst langt seinare. Olaf Bull er sjeldan tonesett. Alf Prøysen var trubadur, men frå Hedmark. Erik Bye skreiv om Son, men lite frå Oslo. Kari Diesen og Arvid Nilssen song om Hovedøen og Enerhaugen, men tekstane var av Vilhelm Dybwad og Arild Haga. Alf Cranner, visebylgjas senior, valde å slå seg ned i Kragerø.
Visebylgjetrubadurar som Øystein Sunde, Finn Kalvik, Ole Paus i all ære – det spørst likevel om ikkje Nilsen ligg i teten, som hovudstadspoeten. Og at Lars Lillo-Stenberg kjem ein generasjon seinare. Lat oss likevel ikkje gløyma ein ven av visene som Jens Gunderssen (1912–1969), mest kjend for «Vuggesang»: «Noen kommer. Noen går./ Noen dør i livets vår./ Stjerner lyser hvite.» Han har også skrive ein «Gatefeiersang», som opnar slik: «Når byens siste hore/ har gått sin siste tur...»
Lillebjørns posisjon er uomtvista, sjølv om det ikkje er kome ei ny plate på fleire år, men mange tekstar, spreidde her og der. Då Framstegspartiet i år 2000 klarte å blokkera eit framlegg om å tildela denne hovudstadstrubaduren Oslo kommunes kulturpris, vart det offentleg rabalder. Fire år seinare fekk han likevel prisen med grunngjevinga: «Lillebjørn Nilsen er den visekunstner som mer enn noen andre har bidratt til Oslos kultur og dens selvforståelse, identitet og stolthet som storby, i den grad at enkelte uttrykk fra hans tekster har gått inn som alminnelige uttrykk i vårt språk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.