Festspel
På rett veg
Festspillene i Bergens satsing på den klassiske musikken er i ferd med å ta seg opp. Kva lyt ein få med seg av dei 40 klassiske konsertane i år?
Sommarnattkonsertane på Troldhaugen plar vera dei mest stemningsfulle under Festspillene i Bergen. I årets program er dette intime konsertformatet styrka.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Etter at Ander Beyer i 2012 overtok som festspeldirektør, er Festspillene i Bergen blitt større i omfang, medan fokuset på det som tradisjonelt har vore festspelas kjerne, den klassiske musikken, operaen, balletten og teatret, har blitt stadig svakare. Misnøya har ulma i konsertfoajeane i årevis, men blei ikkje tydeleg artikulert i Bergen før i august i fjor, då ti tungvektarar i kulturlivet i Bergen – mellom dei tre tidlegare festspeldirektørar – i det opne brevet «Festspill på avveier» i Bergens Tidende konfronterte Beyers festspelstrategi, som dei hevda var i ferd med å gjera Festspillene til ein uinteressant og irrelevant festival. Òg den mest kjende klassiske musikaren vår, Leif Ove Andsnes, tykte at Festspillene var blitt mindre kunstnarleg interessante. I haust lova difor Beyer å satsa tungt på den klassiske musikken under årets festspel.
Korleis merkar me denne satsinga?
Det unike ved Bergen
Heller ikkje i år er eit utanlandsk symfoniorkester i toppklasse invitert til Bergen. Noko scenisk operagjestespel er der heller ikkje. Den desidert største stjerna på programmet skulle vera den unge, kinesiske pianisten Lang Lang, som melde avbod på grunn av betennelse i armen.
Likevel: Med 40 klassisk musikk-arrangement er Festspillene 2017 på rett veg. Til dømes var konsertane på Troldhaugen – Griegs villa frå 1885 i Fana utanfor Bergen – lenge mest borte frå programmet; i fjor var det berre tre konsertar der, i år er det derimot 11. Denne kursendringa trengst: Grieg bør vera like viktig for Festspillene i Bergen som Mozart er det for Salzburger Festspiele; å marknadsføra seg med Grieg i Griegs heimby gjev festspela høve til å vera unike i det internasjonale festspellandskapet.
På Griegs flygel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.