Sigbjørn Obstfelder: Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) vart berre 33 år gamal, men rakk likevel å få ein plass i litteraturhistoria. Fire små bøker gav han ut, og ein roman kom ut posthumt. Han var født i Stavanger og levde eit omflakkande liv som forfattar
Sigbjørn Obstfelder (1866-1900)
Foto: Wikipedia
Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) vart berre 33 år gamal, men rakk likevel å få ein plass i litteraturhistoria. Fire små bøker gav han ut, og ein roman kom ut posthumt. Han var født i Stavanger og levde eit omflakkande liv som forfattar fram til han døydde av tuberkulose i København i 1900.
Kva var den viktigaste boka hans?
I 1893 debuterte Obstfelder med Digte på John Griegs Forlag i Bergen, ei diktsamling dominert av frie vers og som vart lagt merke til både i Noreg og Danmark. Her finn ein dikt som «Regn», «Kan speilet tale?», «Navnløs» og det som har vorte kanskje det mest kjente diktet i norsk litteraturhistorie, «Jeg ser». Prosadikta er òg ein viktig del av forfattarskapet, men dei vart utgitt i bokform først etter at han døydde.
Kva meinte han om samtida?
Obstfelder heldt seg orientert om det som gjekk føre seg i samtida og engasjerte seg i fleire aktuelle saker, i ungdomen var han òg ein ivrig foredragshaldar. Han var aktiv i avhaldsrørsla og oppteken av kåra til dei fattige og likestilling mellom kjønna; han skreiv innlegg i ordskiftet om sømd i 1880-åra, og ordskiftet om kunst og moral i 1890-åra. Og han var blant dei mange som fordømte behandlinga av Alfred Dreyfus.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.