Diktet

Sigrid Undset

Publisert Sist oppdatert

Ei teaterframsyning og ei musikalsk framføring fekk Sigrid Undset (1882–1949) til å framstå vilt levande og overraskande fandenivaldsk denne hausten. Mange har fått med seg at Det Norske Teatret med regissør Kjersti Horn i spissen har skapt ei banebrytande framsyning av Kristin Lavransdotter på nynorsk, i Gunnhild Øyehaugs treffande omsetjing. Det kan kallast ei omdikting av verket frå 1922 som sanneleg er Undset verdig. Horn og kompani får fram råskapen i kvinnelivet og ei lite romantiserande haldning til kjærleiken og det sanselege.

Dette synet kan ein finne spor av gjennom heile forfattarskapen, faktisk alt frå ungdomsdikta, som Undset skreiv før ho fylte 20 år. Desse dikta, som eg før (mot betre vitande) mest avskreiv som naive og naturlyriske, stod brått for meg i eit anna ljos, då eg høyrde ei ny, musikalsk framføring ved skodespelaren Eline Holbø Wendelboe, akkompagnert av Arnhild Vik på flygel.

Eitt av dikta var «Evig kjærlighet» som vi her får avslutninga på. Diktet opnar med at ei jente ikkje kan finne att kjærasten og gråtande ber Sankt Peter om å få leite etter han i himmelen. Nokre vers seinare finn ho han i helvete. Dette er eit dikt som peikar i retning av både folkevise og kabaret, noko Wendelboe får fram med nærmast Kurt Weillsk kraft og rytmisk presisjon i stemma.

Kva gjer slike nytolkingar med originaltekstane? Det er ein viss fare for at diktet kan bli overkøyrt av ei for intens formidling, men desse to nemnde gir verkeleg friskt kjøt på tekstbeina og tende elden i denne lesarens hjarte. Undset arbeidde sjølv med «omdiktingar» av segner, mytar og folkedikting og skapte verk som var på same tid djupt historiske, tidlause og moderne. I dette ligg òg ein invitasjon til å lese – og formidle – på stadig nye måtar.

«Evig kjærlighet»

(…)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement