– Søkke imponert
Ove Arild Orvik har samla og kvalitetssikra arven etter Hallfrid Christiansen.
Foto: Asbjørn Hjelle
Ove Arild Orvik er den som har tatt initiativ til, samla og kvalitetssikra arbeidet med Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen (Utenfor Allfarvei Forlag). Han er opphaveleg frå Romsdalen, men har dei siste tiåra arbeidd som norsklektor på Sortland. Tidlegare har Orvik, som no er pensjonist, laga to regionale ordbøker frå Vesterålen.
– Først må eg nesten få takke for at du, heilt på eiga hand, har lagt ned eit formidabelt arbeid over mange år. Nordnorsk ordbok er utan tvil ei viktig hending for alle som er opptatt av norsk og nordnorsk språk og kulturhistorie. Kva fekk deg til å starte på prosjektet?
– Det tok til med at eg var på eit foredrag med språkforskaren Gunnstein Akselberg i 2018 i Stokmarknes, om Hallfrid Christiansen. Eg kjende til ho frå før, men innsåg først no kva for kapasitet ho var, og for eit enormt arbeid ho hadde gjort. Eg visste det ville bli overveldande å samle alt frå arkivet hennar og få det inn i ei bok, og eg var i tvil. Da kona sa: «Denne boka ska du skriv», så sette eg i gang.
– Du gjekk til originalarkivet hennar og plukka ut kvar innføring derfrå, ord for ord, slik eg har skjønt det?
– Ja, slik er det. Det blei mange turar til Riksarkivet, og spesielt til Norsk målførearkiv i Bergen. I den ferdige utgåva er det med om lag 6000 ord. Orda frå Finnmark er henta frå tolvbandsutgåva av Norsk Ordbok og diverse andre kjelder. Som Aasen kom Christiansen seg aldri dit, helsa svikta ho.
– Korleis vil du vurdere kvaliteten på arbeidet hennar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.