JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Strekens poet

– Eg lever ikkje estetisk slik som danske arkitektar. Der er alt heilt perfekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kritisert: Sverre Fehn vart sterkt angripen av presse og kollegaer for fleire av bygga sine på 70-talet. Dette førte til at den internasjonalt kjende arkitekten stengde praksisen i sju år.

Foto: Bernt Eide

13417
19960620
13417
19960620

På tomannshand

Teksten stod på trykk i Dag og Tid 20. juni 1996

– Ein fransk forfattar har sagt at arkitekturen miste det allmenngyldige då boktrykkarkunsten vart oppfunnen. Før boka kom, skreiv arkitekturen forteljingar for ålmenta. Sjå berre på kyrkjerommet og den poetiske verda som vart skapt rundt religionen!

– Arkitektur er skrifta på jorda. Diktet og bygget har konstruksjonen felles, ei bunden eller fast form. Sverre Fehn er arkitekten bak desse orda, bak Hedmarksmuseet på Hamar og Bremuseet i Fjærland. No teiknar han nynorskens hus i Hovdebygda.

Teglsteinsbygningen ved Stensparken i Oslo minner om ei kyrkje der ho ligg på eit grønt grasteppe mellom frukttrea. Dei gotiske bogane lurer oss. Teglsteinen huser arkitekten som no har fått så mykje å gjere at han ser seg om etter både større hus og fleire hjelparar.

Sverre Fehn ryddar den trekvite bordplata når vi kjem. Eit stort, gardinfritt vindauge slepper inn fuglekvitter og lys som fell over bordet og den grøne, kritkvite tavla som går frå vegg til tak. Berre stålrørsstolane med svart lær stadfester myten om stilsikre arkitektar.

– Eg lever ikkje estetisk slik som danske arkitektar. Der er alt heilt perfekt. Berre sjå på rotet her, seier han, og slår armen ut i den stille fredagsføremiddagen. Medarbeidarane hans er på Vestlandet.

Sverre Fehn blir kalla både nordisk modernist og poetisk modernist. Han har ikkje noko imot det.

– I Noreg har eg blitt kalla seinmodernist, den som førte modernismen hit i 50-og 60-åra. I utlandet blir eg karakterisert som norsk eller nordisk, mystisk, oppteken av liv og død. Som nordmann kan eg ikkje fri meg frå å vere ein romantikar. Røtene er ikkje lette å kome frå, sjølv om eg har prøvd så godt eg kunne. Dessutan har lagnaden min vore naturtomter, og naturen er ein motstandar som skapar ein lokal dialog.

Den poetiske modernisten har sagt at det ikkje hjelper kor god arkitekt du er, viss du ikkje kan uttrykkje dei poetiske ideane dine i byggverket. Då manglar du sjølve føresetnaden for arkitektur. Poesien ligg i dagen når han skildrar prosjekta sine.

– Eg har måtta verbalisere, vere litterær i undervisinga, seier professoren som mellom anna har undervist ved Arkitekthøgskolen i Oslo, Yale University i USA og AA School i London.

Arkitektur er ikkje lenger tema i det intellektuelle landskapet, blant komponistar og forfattarar. Arkitekten meiner forklaringa er enkel.

– Det kjem av oppseding og utdanning. Arkitektur er lite til stades både på universitetet og i allmennutdanninga. Men treffer du ein amerikanar, har han eit personleg forhold til kvar skyskrapar. Dei har namn på kvart tåm bortetter: Dette er Mies van der Rohe. Dette er Seagram Building ... Det er rørande. Bygga står der som menneskelege figurar når du kjem inn med flygemaskinen ...

Eit teaterbygg på Kongens Nytorv i København og Ivar Aasen-senteret skal gjennom blyanten til Sverre Fehn i næraste framtid. Prisen for beste løysing, ei glasgate over scenehuset ved Det Konglige Teater, fekk han etter å ha slått både ein spanjol, ein brite, ein finne og fleire danskar. Den dristige løysinga har ført til stor debatt i dansk presse. Enkelte karakteriserer prosjektet som «genistrekar», andre meiner at glasgata ikkje passar inn på tomta.

Både Sverre Fehn og Ivar Aasen har vore grunnlag for mange heite debattar gjennom tidene. Difor blir ein eventuell debatt om nynorskens hus ikkje meir enn ein kan vente.

Kulturminister Åse Kleveland gav Sverre Fehn i oppdrag å teikne Ivar Aasen-senteret, fordi mange har ynskt at han skal få skape fleire byggverk. Før var slike tildelingar frå staten vanleg praksis. I dag deltek arkitektane i opne eller lukka konkurransar.

Når Sverre Fehn byrjar på eit nytt oppdrag, tenkjer han ikkje så mykje på arkitektur. Først blir han kjent med byggherren eller det huset skal romme. No har han til dømes vore på ein del foredrag for å bli kjend med personen Ivar Aasen, slik han måtte bli kjend med Kjell Aukrust og figurane hans før han gjekk i gang med Aukrustsenteret i Alvdal. Arkitekten er fascinert av Ivar Aasen.

– Eg tenkjer på mannen som gjekk rundt i landet og samla ord og enda som ein stor, ja, den største urbanisten Oslo har hatt. Han hadde to kalde rom og eit par tøflar, åt alle måltid ute, såg alle teaterframsyningane, kjende alle restaurantane, bada og gjekk på skøyter nedanfor Akershus. Han vart eit bymenneske. Det måtte vere merkeleg å sitje i Teatergata og ha heile dette landet i hovudet, geografien og alle glosene.

– Er det vanskeleg å skulle teikne eit senter som skal romme ordet?

– Ja, det må eg innrømme. Ordet er så abstrakt, og romma må gje ei kjensle av at ordet er viktig, at ordet kjem fram. Eg har ein kollega i Finland, Reima Pietila, som søkte finske røter som ung. Han studerte dialektar og sette dei saman. Slik fann han si arkitektoniske form gjennom det finske språket, fortel riksmålsmannen som seier både «efter» og «nu».

Tre, glas og stål, betong og skifer. Synlege konstruksjonar og framheving av materiala, er stikkord for den fehnske arkitekturen.

– Eg brukar vesentleg naturmaterialar. I Fjærland var det berre betong som kunne «ta landskapet», som var ein sterk nok motstandar og tok ein dialog med dei mektige fjella. I skogdistriktet Alvdal fann treet sin naturlege plass. Lyset fell inn i Aukrustsenteret som i ein skog. Tresøyler kastar skuggar som trea.

– Kva med bruken av spontak på amfiet?

– Det har ikkje noko med stavkyrkjene å gjere. Bruken av trespon kom av at vi hadde eit teknisk problem, og tresponen er lett å få rundt dei vanskelege hjørna. Truleg vart spontak nytta på stavkyrkjene av same grunn.

– Du brukar aldri måling?

– Nei, eg gjer ikkje det. I ungdommen var eg inspirert av japansk arkitektur, og japanarane brukar ikkje måling. Dessutan kjem både treverk og murstein betre til sin rett utan. Til og med stål har sin eigen karakteristiske farge.

– Ein annan ting er at målinga ikkje er det ho var. Måling som material har forsvunne og kome att som ein slags giftig kjemi. No falmar ho, veggen bak rotnar ... Før var fargen ekte, og vi lagde målinga sjølv. No har både indigo og kobolt blitt kolossalt dyrt og vanskeleg å få tak i.

Sjølv om Sverre Fehn brukar naturmaterialar, vil du neppe sjå han bruke tømmerstokkar eller lafteteteknikk, som han karakteriserer som ein doven konstruksjon. Nostalgien er fjern frå Fehn. Hedmarksmuseet på Domkirkeodden presenterer fire tidsepokar. Sverre Fehn har fleire gonger sagt at det er nyttelaust å springe etter fortida: «Kun ved å manfistere nuet, får du fortiden i tale.»

I si snart 50 år lange karriere, har Sverre Fehn hatt så mange og så interessante oppgåver som no. Og han har ikkje tenkt å gi seg.

Det første oppdraget, De Sandvigske Samlinger Maihaugen, fekk han same året som han var ferdig på Arkitekthøgskolen i Oslo i 1949. Sidan vart det turar utanlands og fleire oppdrag her i landet. Ett massiv kritikk av prosjekt som Økern aldershjem (1955), Bøler samfunnshus (1972) og Skådalen offentlige skole (1975), la han ned teikneblyanten sju år. I ein 20-årsperiode deltok han i fleire arkitkonkurransar, men fekk ikkje oppdrag. Sverre Fehn trur at kritikken kom fordi bygga var uvante.

– I Skådalen tok vi omsyn til at borna var døve måtte sjå alt. Vi lagde vindauge i staden for vegg slik at borna kunne kommunisere med fingerspråk. Slik vart «den normale» handikappa. Då byrjar arkitekturen å få litt meining! Så lagde vi små, låge vindauge, slik at borna kunne sjå når det snødde ute ikkje dei vaksne. Det fekk vi og kritikk for.

– Eg skjønar ikkje aggresjonen mot desse bygga. Døveskulen låg for seg sjølv ute i skogen. Aldersheimen men hadde godt utsyn, ingen trapper, eigne hagar og balkong til dei eldre. Det må vere ein slags sosial mokratisk sjalusi. Enkelte meinte at huset var for moderne for gamle!

– Det var verkeleg tøft. Denne massive kritikk øydela mykje. Viss kritikarane hadde sagt at eg burde ha gått lengre i å tilfredsstille det pedagogiske opplegget på døveskulen, ville eg sett pris på kritiken.

– Dagbladet, ei radikal avis, var den som kom hardast kritikk, legg han til.

Sverre Fehn er professor, men ikkje profet i eige land. Han er vidgjeten utanfor Noreg, og arbeida hans er stadig omtalte i utanlanske fagtidsskrift. Han har vore vand med å få positiv omtale i utlandet, og blir forbausa over lovord i eige land. Både Bremuseet i Fjærland og Aukrustsen har fått norsk ros.

Han kjenner store arkitektar som Le Corbusier, Carlo Scarpa og Aldo van Eick. Den danske avisa Politiken kallar nordmannen Noregs svar på Jørn Utzon, den danske arkitekten som teikna operaen i Sidney.

Etter krigen arbeidde Sverre Fehn ein periode hos arkitekten Jean Prouve i Paris. Han var og ein vinter i Marokko. Den enkle stilen i Nord-Afrika fekk han til sjå arkitekturen i eit nytt perspektiv.

– Det enkle livet, husa av leire, utan møblar, med bord som vart bore ut og inn, gjorde eit sterkt inntrykk. Den tekniske verda er enkel, og kontrasten stor til forbrukarsamfunnet.

På spørsmål om kva arkitektur bør vere, samanlikar han arkitekturen med det å fortelje ei historie.

– Arkitektur må vere fylt av ein draum, noko å bli rørt over. Går du inn i ei kyrkje, tek arkitekturen deg - eller ikkje. Arkitekturen blir ei forteljing som du kan gripe med intellektet eller med kjenslene utan at kan setje ord på det.

– Som ein psykolog analyserer eg byggherren for å få huset til å stemme med korleis han er. Om han er roleg, nervøs ... kva hudfarge han har. Alt det påverkar arbeidet mitt.

Byggherren i ein av villaene han har teikna, hadde ei tomt med ei uvanleg fin utsikt, var interessert i kunst og hadde ei vakker kone. Løysinga var då trekanta rom, slik at byggherren kunne nyte utsikta, kunsten og sjå kona passere forbi utan å snu hovudet.

Både byggherrar og vanskelege detaljar kjem i fulldimensjon på veggen.

– Arkitektur er eigentleg ei dimensjoneringssak. Viss eg er usikker, brukar eg tavla. Det er lett å bomme på detaljar. Før teikna eg alltid alle detaljar 1:1, men no har eg gått meir vekk frå det på grunn av all mangfaldiggjeringa.

Den sosialistiske arkitekturen etter andre verdskrigen slo feil, meiner modernisten.

– I det sosialistiske Noreg var likskapstanken vesentleg. Dermed vart arkitekturen lik. Alle fekk same balkongen og same vindauga, jamfør Lambertseter og andre drabantbyar. Det blir eit keisamt arkitektonisk språk utan individualitet. Det var ei god meining med det, det var «rett», men folket reagerte sjølv. Dei storma attende til gamle rom.

– Viss arkitekturen er fullstendig rasjonell, får menneska det som dyra. Dei lever i omgivnader som ikkje gir svar, som ikkje diskuterer med dei.

– Men så kan det gå den andre vegen. I eit kapitalistisk land ser ein mykje individualisme som det kan bli for mykje teater av. Ein må vere klar over at arkitektur er filosofi. Det er svært farleg. Ein kan øydeleggje halve byar på ein filosofisk impuls. Postmodernismen er ei filosofisk retning, som koste kva det koste vil skulle ha greske søyler, stukk og fortida inn. Arkitekturen reagerer akkurat som ein poet eller forfattar på impuls frå verda omkring. Det er alvorleg, eigentleg.

– Saknar du arkitektane i samfunnsdebatten?

– Ja, det kan ein vel seie. Men eg veit ikkje kvar den debatten går ein gong. Det er ikkje som i gamle dagar.

I Hurum diskuterer folk arkitektur i desse dagar. Naboar til ein villa, teikna av Sverre Fehn, reagerer på at huset, soiμ skil seg sterkt frå ferdighusa, blir sett opp i byggjefeltet.

Arkitekten seier at han fann lite ved nabohusa å teikne vidare på. Dessutan meiner han at det ville bli gudsjammerleg keisamt med berre like hus. Han meiner og at det er eit problema å plassere ferdighus i alle slags terreng utan å ta omsyn til skråningar, fjell og omgivnadene elles.

– Det som øydelegg mykje av norsk arkitektur er at detaljane i naturen ikkje blir godt nok tatt vare på. Ein skal ha grasplen og frukttre på ei skogstomt, ein fornektar bakkar og skråningar, lagar steinbedd og plantar tulipanar langs veggen. Det blir i grunnen forferdeleg unaturleg!

– Dei byggherrane eg har hatt, har vore imot det. Det har eg sett pris på. Viss arkitekten gjer skikkeleg arbeid, blir trea vakre omkring. Det er rart-med det, men det er ein vekselverknad.

Arkitekturprofessoren bur i arkitektteikna hus, men han har ikkje teikna det sjølv.

– Arne Korsmo, læraren min frå arkitekthøgskulen, teikna Villa Dammann, eit av desse funksjonalistbygga. Kjøpet var litt sentimentalt, men eg var så redd for at huset skulle bli øydelagd. Eg har alltid syntest at det er eit vakkert hus. Og så var prisen fordelaktig, sidan ingen ville ha det. I dag er huset freda.

På kontorveggen heng ein plakat med fotografi frå Det Kgl. teater i København med concorden eller fuglen som fasaden har blitt kalla, innkopiert.

– Eg likar ikkje den moderne datateknologien, seier teiknaren.

Han har alltid teikna, og det var teikninga som fekk han til å velje arkitekturen. Dessutan var Statens Kunst- og Handverksskule den einaste skulen som var open under krigen.

Teiknaren frå Kongsberg nådde pensjonsalderen for fem år sidan, men pensjonist har han ikkje tid til å vere. Åra har gitt han erfaring, men han er ikkje så glad i den.

­– Såkalla erfaring stoppar så mykje. Når ein har erfart for mykje, torer ein ikkje å gjere noko, seier den gode Fehn med stålblått blikk under snøkvitt hår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis