«Sverre ante ikkje noko om gifteplanane, og har ikkje høyrt ifrå Aina og Torstein på mange år. Han trudde eigentleg at dei var gifte for lenge sidan.»
Teikning: May Linn Clement
Bryllaup (1)
Sverre Kvinen står føre spegelen i gangen og ser at buksa og dressjakka sit som eit skot. Skoa, derimot, er akkurat litt for store. Solane han ein gong laga av ein tepperest, har forsvunne. I innerlomma på jakka ligg heftet frå gravferda til onkel Karsten. Utruleg at dei ikkje fann eit betre bilete. Han får seg ikkje til å kaste det og legg heftet i skuffa under spegelen.
Sverre ante ikkje noko om gifteplanane, og har ikkje høyrt ifrå Aina og Torstein på mange år. Han trudde eigentleg at dei var gifte for lenge sidan.
Men så kom invitasjonen. Sverre blir sjeldan invitert i noko som helst og er stort sett glad til. Det er sikkert fleire årsaker, som regel viser han manglande interesse og takkar nei i siste liten, eller lèt rett og slett vere å dukke opp utan å seie ifrå. Det var uventa at dei ville at han skulle komme, men det var stas òg, Sverre var liksom ein av dei utvalde. Han las invitasjonen nøye fleire gonger og tenkte fyrst som han alltid gjer: Det blir for mykje styr, eg orkar ikkje. Bryllaup i Sauda? Det tek jo ein halv dag å køyre, minst. Kvifor flytta dei eigentleg dit?
Oppveksten til Sverre hadde ikkje vore rare greiene utan onkel Karsten, det er vanskeleg å forstå at han aldri meir skal komme umeld og gå rundt i hagen og sjekke korleis det står til med frukttre og blomar. Det er noko drit.
Sverre drygde lenge og svara ikkje før same dag som fristen gjekk ut. Eg kjem, skreiv han i ein SMS til telefonnummeret som stod på invitasjonen. Han fekk tommel opp i retur, sletta SMS-en og la telefonen tilbake i den litle, svarte posen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.