«Sverre gløymer aldri køyreturane med onkel Karsten, ein gong var dei i Mandal utan å ha noko ærend.»
Teikning: May Linn Clement
Bryllaup (2)
For nokre dagar sidan melde dei berre regn, men no blir det sol og varmt heile dagen. Sverre har enno ikkje fått fiksa klimaanlegget og sit i kortbukse og køyrer til bryllaupet i Sauda. Dressjakka og buksa ligg samanbretta i baksetet, og skjorta heng i handtaket over eine døra.
Planen er å låne eit toalett på ein bensinstasjon og kle seg om før han kjem fram. Eller stoppe langs vegen og hive kortbuksa av og berre byte i ein fart. Det vil skje så fort at folk i bilane som passerer, ikkje kan vere sikre på om det verkeleg er ein mann i underbukse som står der. Ein annan vri er å kle seg om i bilen.
Sverre gløymer aldri køyreturane med onkel Karsten, ein gong var dei i Mandal utan å ha noko ærend. Dei kjøpte varmmat på butikken og sat og åt i bilen med dørene opne. På heimvegen køyrde dei ut til Lista fyr. Karsten kjende ein som kom og låste opp fyret, slik at dei kunne klatre til topps.
Sverre er nøydd til å finne noko til Aina og Torstein og svingar av hovudvegen ved eit digert skilt det står «Keramikk» på. Han følgjer ein grusveg vidare til eit hus som ser heilt vanleg ut. Inne treffer han ein mann som har på seg eit forkle fullt av størkna leire.
– Sei ifrå om du vil ha hjelp, seier mannen med runde, raude briller og krøllete sølvgrått hår.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.