Slekt
Tante Magnhild
I eit samfunn der alt handlar om å bera tungt, må ein vera sterk for å vera den som ikkje kan bera noko.
Teikning: May Linn Clement
«Er dette noko du kan vera interessert i?»
Under spørsmålet i meldinga frå syskenbarnet mitt er eit bilete av ei lita rosemåla dokkevogge. I enden er det måla eit namn, Magnhild H. Lundø.
«Ho har vore tante Magnhild si», skriv ho vidare.
Bestemor mi, Klara, var andre jente i ein systerflokk på tre, fødde år etter år på den vesle øya Lunnøy i Austevoll kommune. Eldst var Magnhild, fødd i 1918, så kom Klara i 1919 og Solveig i 1920. Foreldra var fiskarbønder, faren Hallvard var fiskar og mor Brita var heime og dreiv garden. Slik levde 90 prosent av hushalda langs kysten til godt utpå 1900-talet.
Det var viktig å vera i par, ein på sjøen og ein på garden. Alt då borna var små, fekk dei seg kiper som faren laga, slik at dei kunne vera med på å bera lasset.
Berre to generasjonar bak verkar dette i dag som ei svunnen tid. I dag er Lunnøy fråflytta, med berre hytter att. Då jentene vaks opp, budde det mellom 30 og 40 menneske på øya. To vonde opplevingar skulle prega barneåra deira. Mora døydde i 1928. Før det fekk Magnhild poliomyelitt og vart alvorleg sjuk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.