Teater

Teaterstjerna frå strilelandet

Ingen skodespelar har fått så mange Heddaprisar som Preben Hodneland. Og strilen frå Nordhordland har hausta sine tre på berre fire år – før han rakk å fylla 36.

Preben Hodneland spelte hovudrolla som Raskolnikov i den fem timar lange framsyninga på Det Norske Teatret.
Preben Hodneland spelte hovudrolla som Raskolnikov i den fem timar lange framsyninga på Det Norske Teatret.
Publisert Sist oppdatert

Årets pris hadde han litt vanskeleg for å ta innover seg, hadde ikkje trudd at han skulle få han no siste gongen. Samstundes fekk han prisen for ei rolle i eit stykke som han er svært stolt av, Arne Lygres Tid for glede. Det var sett på som eit økonomisk tapsprosjekt då Det Norske Teatret sette det opp på hovudscenen, men synte seg å bli ein stor suksess både kunstnarleg og hos publikum.

– Hadde ikkje pandemien komme, trur eg du no ville sete med fire prisar, også for Brand med Kjersti Horn.

– At den framsyninga aldri fekk premiere på Den Nationale Scene, er ei hjartesorg for meg. Der hadde eg kjensla av å vera på veg mot noko ganske bra. Vi var berre komne tre veker inn i leseprøva, men det låg eit fint og solid konsept i botnen. Brand er ein av mine absolutte Ibsen-favorittar, men òg det vanskelegaste av stykka hans. Ein dag håper eg å få brynt meg på den teksten, seier han.

– Kanskje kan vi ta ballen opp igjen om nokre år. For eg synest det ligg noko i tida no som gjer stykket skremmande aktuelt. Brand har ei så sterk kjensle av at han har skjønt noko som andre ikkje har skjønt. Den fanatiske tankegangen verkar svært aktuell.

Ulike rolletolkingar

Heddaprisane Hodneland har fått, representerer tre svært ulike rolletolkingar – i musikalkomedien The Book of Mormon, for kraftprestasjonen som Raskolnikov, og no for ei dobbeltrolle i eit stykke om korleis vi skal finna tilbake til gleda i oss sjølve og i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement