Bok

Til forsvar for mangfaldet

Den offentlege samtalen om innvandring og innvandrarar er framleis sterkt farga av fordommar og vankunne, konstaterer Frode Helland i ei ny bok.

Publisert

Bakgrunnen for Rasismens retorikk. Studier i norsk offentlighet forklarar Frode Helland, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, med at han lenge har vore uroa og bekymra over den måten minoritetane i Noreg blir omtalte på i det offentlege rom.

– Ålmenta har vi alle eit ansvar for. Dersom minoritetane utan særleg motstand kan bli omtalte på nedsetjande vis, berre som problematiske eller som mindreverdige, er det eit problem for samfunnet.

– Du kallar boka «et bidrag til samtalen om rasisme i Norge». Kva håper du å oppnå?

– At boka kan bidra til auka medvit om kva rasistisk retorikk er, kvar grensene går for korleis ein kan omtale folkegrupper. Rasisme reduserer visse folkegrupper til vesenstrekk, som gjer at dei konsekvent blir sette på som mindreverdige, trugande eller problematiske på måtar som blir forstått som uforanderlege.

Frode Helland skil mellom «tradisjonell ’vitenskapelig’ rasisme» og «den ’nye’ kulturelle rasismen». Den klassiske rasismen er dominert av rasetenking, medan den «nye» i større grad dreier seg om kultur, verdiar eller sosiale tilhøve.

– Det som blir kalla vitskapeleg rasisme, hevdar at det finst distinkte menneskerasar som også lèt seg ordne hierarkisk og forklare genetisk. Men påfallande fort tek moderne rasisme, mot til dømes muslimar, til å likne på tradisjonell rasetenking, for det er ofte tale om uforanderlege trekk som gjer muslimane mindreverdige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement