Matmonsen

Ting du ikkje visste om sild

Clupea harengus med klassisk tiltugg.
Publisert

Noreg vert ofte kalla ein oljenasjon. Det er for så vidt sant no, men vi har vore ein fiskerinasjon mykje lenger. I over tusen år, vil eg påstå.

Det minner meg om at det er altfor lenge sidan eg skreiv om sild her i spalta, og det skal eg rette opp no. Eg skal setje dykk på prøve.

Veit lesarane til dømes kven som gav silda det latinske namnet Clupea harengus? Ikkje? 


Jo, det var Carl von Linné
, ein svensk herremann, fødd i 1707 i Småland som son av Nils Ingemarsson Linnaeus og prestedottera Christina Brodersonia. Mor til Christina var Maren Jørgensdatter, morfaren var presten Jørgen Simonsen, og mor hans igjen var Johanne Pedersdatter – som i 1622 vart brend som heks i Stavanger (!).

Og veit de kva dette har med jazz å gjere? Ikkje det heller. Men jo, bror til Maren Jørgensdatter, Simon Jørgensen Wesseltoft (død 1739 i Skien), er nemleg stamfar til den norske slekta Wesseltoft, og av dette kan vi slutte at ja, sild har også noko med jazz å gjere, sidan den framifrå jazzmusikaren Bugge Wesseltoft nedstammar frå ei kvinne som i 1622 vart brend som heks i Stavanger. Og dei er altså begge i slekta til han som døypte silda Clupea harengus.


Nok historie
– no over til lovprising av silda som menneskeføde. Det er smått utruleg at ikkje sild er meir i tida. Her sit heile nasjonen og dyttar i seg overprisa, sukkersprengde risballar med tvilsam oppdrettsfisk, men veit nesten ikkje noko om sild i det heile. Men silda er jo det mest berekraftige og sunne eit menneske kan få i seg. Og velsmakande – ho kan smaksetjast på alle moglege måtar – tenk berre på akevittsild, rømmesild eller chilisild.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement