Litteratur
To liv, to typar skrift
Sjølv om Tor Jonssons dikting er svært konvensjonell, har ho ei kraft som især kan tale til unge, meiner Pedro Carmona-Alvarez, som har hatt sitt første møte med diktaren.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
I serien der Nasjonalbiblioteket lèt lesarar av i dag møte forfattarskap som eingong var viktige, men no knapt blir lesne, blei møtet mellom den eksilchilenske forfattaren og den bygdenorske poeten ein samanstøyt på tvers av både tid, estetikk og geografi.
«To liv, to estetiske linjer, to typer skrift», lyder oppsummeringa hans. I publikasjonen Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson gjer han greie for kva som skjedde då han lét seg konfrontere med ein forfattarskap han aldri hadde lese før, og ein forfattar som tok livet sitt 34 år gammal.
– Det var fint å møte han, gå inn i det fullstendig ukjende. Først kjende eg på motstanden, opplevde mykje av diktinga hans som framand og konvensjonell med omsyn til form, biletspråk og tematikk. Men så blei eg nysgjerrig på kva som fanst på baksida av dei første reaksjonane mine.
– Heile tida drøftar du ditt eige forhold til det du skriv og korleis du går fram?
– Det blei viktig for meg. Eg er ingen akademikar, eg tenkjer gjennom skrivinga og lesinga mi, ikkje gjennom eit akademisk blikk. Eg assosierer og koplar heile tida, lenkjar ting saman slik at det oppstår eit samband i meg.
– Det verkar som om du har vore meir oppteken av personlegdommen til Tor Jonsson enn av diktinga hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.