Litteratur

Tok Fosse til teaterscena i New York

– Eg må sørgje for at New Yorks teaterpublikum får oppleve denne dramatikaren, tenkte Sarah Cameron Sunde, men oppdaga fort at den britiske omsetjinga ikkje ville fungere i USA.

Sist dei møttest i Oslo, snakka Sarah Cameron Sunde og Jon Fosse om vidare samarbeid. Her er selfie etter lunsj på Kaffistova i august 2023.
Sist dei møttest i Oslo, snakka Sarah Cameron Sunde og Jon Fosse om vidare samarbeid. Her er selfie etter lunsj på Kaffistova i august 2023.Sist dei møttest i Oslo, snakka Sarah Cameron Sunde og Jon Fosse om vidare samarbeid. Her er selfie etter lunsj på Kaffistova i august 2023.
Publisert

Amerikanske Sarah Cameron Sunde var 26 år gammal, på besøk hos slektningar i Oslo, som tok henne med til Torshovteatret for å sjå Vinter av Jon Fosse.

– Slektningane hadde bede meg lese dramaet før vi gjekk i teateret. Eg hadde arbeidd i tre år som teaterregissør i New York og las mange teaterstykke på denne tida. Men dette gjorde noko med meg. Eg vart bergtatt og rørt, eg kjende ei djup tilknyting til stykket.

USA-premiere i 2004

Det var i 2003. No, 20 år seinare, har Sarah Cameron Sunde omsett til saman seks skodespel av Fosse. Desse fem har ho også regissert (år for teaterproduksjon i parentes): Natta syng sine songar (2004), Dødsvariasjonar (2006), Sa ka la (2008), Ein sommars dag (2012), Draum om hausten (2013). I tillegg har ho omsett Svevn.

Da ho i 2004 hadde USA-premiere på det første dramaet av Fosse, var forfattaren sjølv til stades, og det vart gode kritikkar i New York Times og andre store aviser. Dette var første gong Fosse fekk positive meldingar på ei teateroppsetjing i eit engelsktalande land. Dei gode kritikkane har halde fram, og ho har heile tida hatt eit nært samarbeid med Jon Fosse.

I videosamtale med Dag og Tid fortel ho frå New York at ho innleiingsvis hadde tenkt berre å regissere Fosses skodespel. Ho las gjennom bøkene ho hadde teke med frå Noreg. Far hennar er norsk, og da ho var tolv år, budde ho i sju månader hos slektningar og gjekk på skule i Drammen. Ho hadde lært nok norsk til at ho kunne lese Fosse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement