Trampolinen

Publisert

Naboane pakka ned trampolinen ein laurdag føremiddag i september, vår blei berre ståande ute heile hausten. Det var så mange andre ting å gjere, og me tenkte at det ikkje var så viktig. Eg brydde meg uansett ikkje om kva naboane trudde om oss, og no er det januar.

For at ikkje vinden skulle få tak, batt eg han godt fast med tau og eit par stroppar i oktober, då dei melde storm. Ein flygande trampoline er livsfarleg, og den store skrekken var at han skulle lande på taket av bilen og lage eit djupt søkk. Men det gjekk godt, og han rikka seg ikkje, men verneringen over fjørene losna og la seg i ein haug inntil nettet som sikrar at ingen fell av trampolinen.

Stroppane blei aldri fjerna etter at vinden gav seg, så då neste storm nærma seg, heldt me oss berre i ro og venta.

I adventstida kunne me festa julelys rundt toppen av nettet, det hadde vore perfekt, når han likevel stod der. Men ingen kom på det før det var for seint.

Det har snødd heile denne veka, så no er det i alle fall for seint å pakke ned trampolinen, han er forvandla til eit digert kvitt monster som liksom står og vaktar på oss. Glidelåsen i nettet er dregen halvvegs opp slik at det ser ut som ein munn som gapar.

I mange år har me vore flinke, og vanlegvis pakkar me trampolinen så å seie heilt ned, losnar ei og ei fjør mellom ramma og hoppematta med fjørkroken, som er eit spesialverktøy som fylgde med då me kjøpte trampolinen, og som me utruleg nok har klart å ta vare på i alle desse åra, mens andre ting som til dømes små skiftenøklar og forskjellige piper til pipesett forsvinn heile tida, og dukkar aldri meir opp, sjølv om ingen har brukt dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement