Tukling med tekstar

Forlaget Gyldendal seier det er uaktuelt å følgje etter det britiske forlaget som endrar språket i bøkene til Roald Dahl.
Forlaget Gyldendal seier det er uaktuelt å følgje etter det britiske forlaget som endrar språket i bøkene til Roald Dahl.
Publisert

Det er ein innarbeidd uskikk å tukla med litterære tekstar. I moderne bibelomsetjing er det nærast vorte ein tradisjon. Når Paulus i Apostelgjerningane opnar talane sine med andres – «menn» på gresk – er tiltalen «kansellert» i Bibelselskapet si omsetjing. Også salmeskatten er tilgrisa av komitépoesi, til dømes Luther-salmen med verselina som var så folkekjær under krigen: «Og tok de enn vårt liv,/ gods, ære, barn og viv» vart til «Og om vårt liv de tar,/ og røver alt vi har». Tysk 1500-tal måtte av kjønnspolitiske grunnar diktast om til norsk 1970-tal.

Også brørne Grimm vart offer for spesialpedagogisk snusfornuft: Raudhette og bestemora kunne ikkje lenger verta slukte av ulven; dei fekk berre lov til å gøyma seg i kjellaren. Etter kvart måtte far til Pippi Langstrømpe gå av som «negerkonge», og ei vise av Thorbjørn Egner vart reinsa for «hottentottar». Men alt dette var berre som eit svakt preludium til den såkalla «kanselleringskulturen» me opplever no.

Det nye ordet er «sensitivitetslesarar». Dei tok nyleg føre seg bøkene til Roald Dahl, og etter å ha sett nærare på innsatsen deira, fell det naturleg å karakterisera dei som sure gamle hurper – i samklang med språket hjå den forfattaren dei har sensurert. Kor grotesk det heile er, kan berre klårgjerast med døme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement