Kunngjeringar

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Publisert Sist oppdatert

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

– Ikkje rør votten, seier faren, som står ved sida av guten.

– Berre la han henge.

Votten dukka opp då snøen smelta. Ein eller annan fekk auge på votten som låg der på asfalten, og tenkte at det minste eg kan gjere, er å hengje han opp. Slik kan dei som saknar ein vott, og tilfeldigvis kjem forbi, lettare få auge på han.

Ein bil kjem køyrande, og kanskje ser føraren votten i sidesynet ein augneblink. Han heng i toppen av brøytestikka og helsar på alle som dreg forbi.

Faren tek guten i handa og ser til at han står godt ut av vegen i det bilen passerer. Etterpå går dei vidare, medan votten berre blir hengande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement