Frå matfatet
Åkerbønner
Er det sjølvforsyningsgrad å hente på å stele mat frå dyra?
Dyrefôr eller delikatesse? Åkerbønna har mange namn – og minst like mange bruksmåtar.
Foto via Wikimedia Commons
OK. Rekk opp handa om du er usamd i fylgjande påstand: Sjølvforsyningsgrada for vegetabilske matvarer i Noreg er for låg. Vi bør produsere meir frukt, bær og grønsaker her i landet. Påstand slutt.
Nei, dette er på ingen måte ei kontroversiell utsegn. Eg trur knappast eg finn ein einaste politikar, ein einaste landbruksforskar eller eingong særleg mange husdyrbønder som er usamde i dette.
På mange område skal det heller ikkje så mykje til å verte betre: Ja, vi produserer 80 prosent av våre eigne poteter (men vi burde klare hundre), men vi klarar ikkje få til meir enn 5 prosent sjølvforsyning på frukt og bær. For grønsaker sett under eitt er talet i rapporten Utviklinga i norsk kosthald 2023 frå Helsedirektoratet nærare 50 prosent sjølvforsyning, men internt i kategorien er skilnadane store: I 2019 klarte vi å dyrke 68 prosent av lauken vi åt, men berre 33 prosent av isbergsalaten, ifylgje rapporten frå Rådgivande utval for innovasjon, vekst og auka norskandel i grøntsektoren frå 2020.
Ein grønsakkategori som så å seie ikkje er nemnd i den rapporten i det heile, er belgvekstane. Den einaste bønna som er med i rapporten, er aspargesbønna, som vi i 2019 produserte 1200 tonn av. Alt gjekk til konserveringsindustrien.
Hest eller bonde?
I sommar har det likevel stått litt om norsk bønnedyrking i avisene. I det minste i Nationen, som mellom anna har kunna fortelje at det i år vert dyrka 46.000 dekar åkerbønner her til lands, mot berre 3000 dekar i 2011. Men det kjem få menneske til gode, i det minste ikkje dei av oss som ynskjer å auke forbruket vårt av norske grønsaker: 100 prosent av denne produksjonen går til dyrefôr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.