I lomma på dressbuksa ligg noko som ein gong i tida har vore papir, kanskje ein handlelapp eller ei kvittering. No er det berre ein merkeleg klump, truleg har han vore til vask saman med buksa. Eg står og fiklar med klumpen i lomma medan eg og faren til ein i B-klassen småsnakkar.
Han er i grunnen grei å snakke med. Det er rart me ikkje har snakka saman før. Eg har jo sett han mange gonger, men me helsar aldri. Det kan me kanskje byrje med no?
Når me skal setje oss til bords, nøler eg litt, og dermed hamnar me diverre på eit anna bord enn faren til han i B-klassen. Det som kunne blitt til noko meir, er over før det har byrja. Eg og kona blir sitjande med dei vanlege, og snakke om det me plar snakke om. Kanskje like greitt.
Eg har vore i kantina mange gonger, men i kveld har dei pynta og laga det til så eg mest ikkje kjenner meg att. Det er noko høgtideleg over det heile, og eg er glad eg tok på dressbuksa og ei fin skjorte. Nokre av dei andre foreldra har ikkje vore like heldige med klesvalet. Det er til og med ein som går i kortbukse, men der er det nok andre bakanforliggjande problem i tillegg. Eg lurer på om klumpen i lomma kan ha vore eit papirlommetørkle frå gravferda til tante Gunda i haust, men eg er ikkje sikker.
Ti år med skulegang er over, og ungdommane liknar på oss slik me var ein gong for lenge sidan. Høge på livet kviskrar dei seg imellom og ler når ein av kontaktlærarane går fram til scenen for å gje nokre beskjedar i ein mikrofon det ikkje er lyd i. Etter kvart blir det lyd, ein annan lærar må berre skru litt på miksepulten fyrst, og det må hyle i høgtalarane, så får me litt praktisk info, eller det er vel ikkje så veldig praktisk at det gjer noko. Det går inn det eine øyret og ut det andre. Ho ynskjer oss velkomne og lirer av seg nokre frasar me har høyrt før om naudutgangane og toaletta; dei har ikkje flytta på seg sidan sist.
Kontaktlæraren sender dei som sit i motsett ende av lokalet, fyrst opp for å forsyne seg av maten som står klar på eit langbord. Typisk. Faren til han i B-klassen kjem gåande, smilande, han var heldig med den.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.