Frå matfatet

«Det er høgt trykk på proteinbarfronten for tida.»

Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Dette er ein bar, men er det ein sjokoladebar til laurdagskvelden eller ein proteinbar til treningsøkta?
Publisert Sist oppdatert

Har du fått med deg at ein proteinbar er noko anna enn ein energibar? Om du er ein som brukar slike i treningsregimet, fordi du vil få i deg nok protein for optimal muskelvekst etter ei treningsøkt, så har du det. Med ein proteinbar skal du i berre nokre få munnfullar få i deg dei mellom 10 og 20 gram protein som kroppen visstnok treng for å få til optimal restitusjon.

Sjølv må eg vedgå at det er ganske kort tid sidan eg oppdaga at proteinbar var eit alternativ på daglegvarebutikken min.

Eg er kanskje litt gamaldags. Når nokon seier protein, tenkjer eg fyrst og fremst på kjøt. Og egg og mjølkeprodukt, kanskje. Og bønner, linser og erter. Salte middagsprodukt. Proteinbarane ser jo ut som sjokolade. Kva er dette for noko, eigentleg?

Det korte svaret er at det er sjokolade – med søtstoff i staden for sukker og ekstra protein frå mjølk eller andre kjelder. Ein Maxim Proteinbar Salty Caramel, til dømes, inneheld 31 prosent mjølkesjokolade med søtstoff, endå meir søtstoff og protein frå mjølk, soya og hydrolysert kollagen. Det siste er beinvev som er handsama med vatn på ein måte som gjer at dei harde proteina vert tilgjengelege som aminosyrer.

Søtstoffa er to variantar av maltose – maltitol og maltitolsirup. Begge vert framstilte ved at maltose, som er ei form sukker tar medan stivelsen vert broten ned, vert utsett for høgt trykk og temperatur.

Med andre ord må det ei heil rekke industrielle prosessar til for å lage Maxim Proteinbar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement