Ord om språk

«Det kan tykkjast vanskeleg å finna ein definisjon som dekkjer heile tydinga til dekkja.»

Publisert

Nokre folk dekkjer seg bak ein fasade, og nokre lyg for å dekkja andre. Me skal helst ha dekning for det me seier, men som me skjønar, er det mogleg å dekkja til og dekkja over det ein ikkje vil at andre skal vita eller sjå. So er det berre å kryssa fingrane for at svikferda ikkje vert avdekt og får brei dekning i pressa.

Det kan tykkjast vanskeleg å finna ein definisjon som dekkjer heile tydinga til dekkja, for det er eit mangslunge ord. Men sanninga er at me kjem til dekt bord, for det finst då ordbøker. Der står det at dekkja tyder ‘kleda, leggja over; reia til matbord; løyna; vera likeverdig (med); verna; skildra alt om, referera’. Seier me «dekk!» til ein hund, tyder det ‘legg deg ned’.

Dekkja er i grunnen same ordet som tekkja. Sistnemnde er den heimlege forma av verbet. Det heng i hop med tak og tegl og tyder ‘leggja tak på (eit hus); kleda’. I artikkelen om tekkja i Norsk Ordbog (1873) skriv Aasen at «Ordet skulde ogsaa betyde: dække, skjule, beskytte; men i denne Betydning bruges sædvanlig dekkja (er, te), som her er en Fremmed Form».

Formene på d kjem frå lågtysk eller nederlandsk. Dei har same opphavet som tekkja, dimed er det berre rimeleg at dekk («alle mann på dekk», «gamle bildekk») har grunntydinga ‘tak, dekkjande lag’. I denne ordgruppa finn me, attåt dekkja og dekk, substantiva dekke (t.d. skydekke, vegdekke), dekken og dekning.

Kan henda er det lite tekkjeleg, men det må nemnast at lånorda bedekkja og bedekning er tekne inn i Nynorskordboka no. Orda tekkjeleg, tekkjast og tekke (t.d. dyretekke) har rett nok ikkje noko med tekkja og dekkja å gjera, endå formene liknar mykje. Tekkjeleg, tekkjast og tekke er avleidde av takk, som heng i hop med tenkja og tykkja.

Me har som regel ikkje høve til å ta med dekkjetøy når me går i dekning, men vonleg har me dekning på mobilen og bankkontoen. Det er i det heile godt når nokon dekkjer kostnadene og dekkjer inn eller opp underskotet. Motspelarar i ballspel må me dekkja (opp) sjølve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement