Det ringjer på døra

Publisert

Tomas ringjer på, tek eit par skritt tilbake og blir ståande og vente i trappa. Ikkje for nær, men ikkje unaturleg langt unna heller. Det er god plass om Sveinung skulle komme busande ut. Men ingenting skjer. Han kjenner på døra, ho er låst.

Det er ikkje sikkert ringjeklokka verkar. Tomas bankar hardt med knytt neve, tre harde slag, så legg han andletet inntil eit av dei tre små vindauga og kikkar inn, det er vanskeleg å sjå noko. Kan hende sit Sveinung føre fjernsynet og fylgjer med på eit skirenn med lyden så høgt på at han ikkje legg merke til ringjeklokka.

– Hallo, er det nokon heime, ropar han.

Ingen svar.

Tomas går rundt på baksida. Han ser at lyset står på i stova. Det er nøydd til å vere folk heime. Berre det ikkje har hendt noko. Tenk om Sveinung ligg rett ut på golvet og ikkje klarer å røre seg. Tomas byrjar å fable om allslags senario og skundar seg tilbake til bilen.

Sveinung står i berre underbuksa føre spegelen på badet og steller seg. Han ventar ikkje folk. Når ringjeklokka byrjar å dure, står han med barberhøvelen i handa og har akkurat smurt inn haka og kinna med skum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement