Diktet
Diktet: Astrid Hjertenæs Andersen
Foto: Inge Gjellesvik / NTB
Denne gongen eit dikt om eit kunstverk. Eit dikt som går i dialog med eit kunstverk. Eller snarare: med skaparen av kunstverket.
Constantin Brancusi (1876–1957) var ein skulptør frå Romania som slo gjennom i Paris, eit av dei store namna innan modernismen, kjend for suverent forenkla former, som ein finn i dei mange fugleskulpturane hans, «Bird in Space». Han sa: «Det vakre er den absolutte likevekt.»
Astrid Hjertenæs Andersen (1915–1985) frå Horten, busett i Vestfold, skreiv ti diktsamlingar frå 1945 til 1980, gift heile livet med biletkunstnaren Snorre Andersen. Tekstane hennar er ofte raffinerte, på ein annan måte enn mange andre norske poetar, naturbileta gjerne henta frå det landskapet ho var busett i. Sjølv om ho òg skreiv indianardikt frå Grand Canyon, Arizona – og reiseskisser frå Algerie og Island. Overalt i hennar skrift: Ho sette klangar og fargar og former i rørsle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.