Diktet
Diktet: Marte Huke
Foto: Tiden Norsk Forlag
Lesinga, skapinga, skrivinga, livet. Nærleiken mellom desse er eit berande element i diktsamlinga til Marte Huke (f. 1974) med tittelen Du er et levende sted frå 2019. Boka følgjer eit svangerskap og ei barseltid, kobla opp mot arbeidet til skrivaren og verda sin (tidvis brutale) gang.
Det er vår ute når tida er inne og eg-personen skal føde sitt første barn. Vekas dikt er henta frå augneblinken rett før alt brest; rett før fødselen. Ordlikskapen (bekkenes/-ets) understrekar den sterke parallellen til naturens gjenføding.
Etter dette vesle diktet følgjer eit langdikt som skildrar fødselen som noko urtidsaktig og drivhusfuktig; som eit ras, ein foss, noko «midt mellom drøm og virkelighet», ja, som eit «sauros-skratt» etter eit dikt av Kristofer Uppdal med same namn (frå Altarelden, 1920). Huke skriv seg òg opp mot eit anna Uppdal-dikt: «Hundrad-tusundår i ein minutt» – der han er liksom i eitt med urtida då dinosaurane vandra på jorda. «Korleis?/ Eg levde då ikkje/ då saurosane rådde i kjerringrokk-skogane./ Eller fornam eg jordklote-fødsla/ i mi mors sol-eim-varme liv?»
Svangerskap er ei spalting, frå eitt til vi til eg og du. Og fødselsdiktet endar i ei lita helsing til Jan Erik Volds berømte dråpe: «Nå/ er du der/ ikke.»
Dikta til Huke er samansmeltingar av eiga skrift og skrifta til andre, og av store og små hendingar i eige liv og i verda omkring. Poeten er som ein seismograf, eller kan hende som eit medium som kanaliserar ulike formar for tekst og formar det til dikt.
Marte Huke voks opp i Ler i Melhus, har budd i Bergen og Berlin, er no busett i Trondheim, og 9. mars fylte ho 50 år. Ho har gitt ut seks diktsamlingar, ein roman, og ho står bak ei rekke tverrkunstnarlege samarbeid. I 2017 gav Huke ut ei gjendikting av svenske Anna Rydstedt (1928–1994), og nokre linjer frå denne står som motto for fødselsdikta som eg har nemnt her: «Lyst er vårjevndøgnet,/ flammende er rødmen fra sola/ i det ventende rommet// Stille puster havet/ gjennom tangens gjeller».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.