Diktet

Diktet: Wetle Holtan

Publisert

Dette diktet er henta frå Høsten er et påskudd (1996), debuten til ein diktar som døydde altfor ung: Wetle Holtan (1970–2015). Holtan gav òg ut Det er mange veier til et rom (1998), men deretter vart det stopp på lyrikkarrieren, dessverre. Han vann Ibsenprisen i 2003 for skodespelet De som lever. Dei fire neste bøkene hans var òg drama.

Ein annan fin lyrikar, som gjekk bort for nokre år sidan, Jan Jakob Tønseth, skreiv mellom anna dette i meldinga av debuten i Dagbladet: Boka «er en underlig blanding av løssluppenhet og konsentrasjon, distraksjon og disiplinering. Men det blir dikt ut av det, en underlig yrisk-lyrisk skrift som får fram hverdagens små undre og korte grøss, og makter å følge tankens krumspring».

Tønseths observasjon gjeld også dette diktet. Dikt om tilstanden mellom svevn og oppvakning er eit kjært tema igjennom litteraturhistoria. Emil Boyson har mange variasjonar over det temaet – som i «Vindu i februar». Eit kjennemerke ved desse dikta er den vare sansinga av verda etter ein lang, tung svevn.

Hjå Holtan skjer dette derimot gjennom ein laussleppt språkbruk – ja, også i fysisk forstand, for eget slepper verkeleg laus lemene etter at dei har vore stive og kjenslelause. Det blir ikkje sagt direkte – men eg tenkjer på armar og føter som har dovna under natta, og som du verkeleg må riste i før du får kjensle i dei.

Denne humoristiske scena går så snøgt over i eit «kort grøss», i verslina «så lar jeg dauingene begrave seg selv». Det må tolkast som ein stivleik som ikkje kan vakne att – om diktaren tenkjer på folk som døyr i senga, eller dei som alt er stive i grava. Altså eit memento mori midt i dei komiske sprella for å vekkje føter og armar. På hi sida kan siste versline «fuglesang og vindkast» òg føre tankane på dei avlidne – men då på eit sjeleleg nivå. Både «vind» og «fugl» er gamle bilete på ei sjel som forlèt kroppen.

«Jeg strekker meg ut i sengen» får meg til å vilja lesa fleire dikt av Holtan. Eg takkar Steinar Opstad som tipsa meg om diktet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement