Diktet

Diktet: Wetle Holtan

Publisert

Dette diktet er henta frå Det er mange veier til et rom (1998). Det er den andre og siste diktsamlinga til Wetle Holtan (1970–2015). Førre gong eg skreiv, tok eg føre meg «Jeg strekket meg ut i sengen» frå debutboka, Høsten er et påskudd (1996). Debuten er konsentrert om einskildindividet, naturen ikring – særleg om vinteren og hausten – og det forgjengelege. Eit anna godt dikt frå debuten er «Et rom», der fyrste strofe lyder slik: «Et Rom/ der man i gode stunder/ sitter under stålampen/ sammenklemt i magnifikk munterhet/ der mus krafser inni veggene/ og forsøker å rigge seg til for vinteren/ bygger sine reder».

Også dette diktet inneheld den underlege blandinga av det laussleppte og det konsentrerte – iblanda korte grøss. Setninga «sammenklemt i magnifikk munterhet» er eit funn! Diktet set opp to parallelle busituasjonar: det til menneske og det til musa. Og så kjem grøsset: Denne situasjonen liknar på kista i grava.

I neste samling, som diktet ovanfrå er ifrå, set han søkje­ljos på menneskeleg samkvem, eller skort på samkvem. Alt det fyrste diktet i boka varslar denne tematikken: «Kanskje er det meningen at man av og til må/ glimre med sitt fravær/ for å ikke føle seg tilsidesatt». Vi ser Holtans gode grep om ordspel og retoriske paradoks. Når det gjeld innhald, handlar det om fiktive grunnar til å gje det å vera einsam ei meining.

Ordkunsten dukkar òg opp i diktet ovanfor: Liksom den barokke antitesen «magnifikk munterhet» opnar dette diktet òg storslege, samstundes som det går over i ein antitese. «Det er mange vegar til rom», då tenkjer vi sjølvsagt på det heilage Roma, pave- og renessansebyen. Det storslegne kjem òg til uttrykk gjennom ein partnar som blir nemnd lenger nede – gjennom kjærleik og elskhug, men Holtan dreg det ned med «reproduseringen/ forøking og fordunklingens spasmer». «Mange vegar» har òg sin negative parallell i «alle irrgangene». Det handlar om eit «magnifikt rom» til kjærleik, men som likevel «kantrar» fordi alt er gale. Om innhaldet er pessimistisk, er det uttrykt med ein språksans med rom for barokke kontrastar.

DET ER MANGE VEIER

TIL ET ROM, så vent ikke på meg

for her har den aller helligste

skapt en verden som kantrer

selv den stødigste blant oss

og et landskap der ikke engang

jord og himmel

har noe med hverandre å gjøre

og selv om jeg ikke skal banne på

at dette stedet har sin gyldighet

så befinner det seg i det minste

et godt stykke unna reproduseringen

forøking og fordunklingens spasmer

som preger forholdene inne hos henne

som ligger og sover i rommet

jeg kjenner alle irrgangene til

Wetle Holtan