Frå matfatet
Dyrevelferd
Dyr skal ha det bra, men det er mange omsyn å ta.
Mareritt for dyrevelferda: 6000 grisar måtte deponerast etter utbrot av afrikansk svinepest på eit slakteri i Hong Kong i 2019.
Foto: AP Photo / Kin Cheung
Høyr på dette: «De fleste driftsformer for produksjonsdyr har blitt etablert og utviklet uten at det er tatt tilstrekkelig hensyn til dyrevelferden. Det har vært begrenset rom for dyrs egenverdi og naturlige atferd i industrielle driftsformer som skal sikre høy og effektiv produksjon. Selv om ny kunnskap og endrede holdninger i samfunnet taler for vesentlige endringer i favør av dyra, kan ofte tunge næringsinteresser begrense prioritering av dyrevelferd. Lav pris viser seg også å være viktigere enn god dyrevelferd for folk flest når de handler mat, til tross for at holdningene som uttrykkes i ulike spørreundersøkelser viser stort ønske om god dyrevelferd.»
Ja, det er eit langt sitat. Kven er det som har skrive det, trur du? Eg kan avsløre at det er del av eit innspel levert til arbeidet med ei stortingsmelding om dyrevelferd som regjeringa har tinga, men enno ikkje avslørt nokon lanseringsdato på. Arbeidet vart starta i september 2022, og det har vore gjennomført tre innspelsrundar.
Tilsynet slår i bordet
Men altså: Kven har skrive det? Er det Dyrevelferdsalliansen, NOAH eller Dyrebeskyttelsen som meiner tida er moden for vesentlege endringar i levekåra til produksjonsdyr? Nei, det er opninga på innspelet frå Mattilsynet.
Det statlege forvaltingsorganet for (mellom anna) dyrehelse – dei som har beredskap, forvaltar og rettleier regelverk, fører tilsyn og gjev faglege råd – meiner dei fleste driftsformer i jordbruket driv utan nok omsyn til produksjonsdyra.
Å gå så høgt ut mot eit system løner seg helst om det vert følgt opp med tiltak for å betre det same systemet. Sjølv om innspelet ikkje er meir enn sju sider langt, er Mattilsynet temmeleg konkrete også her. Mellom anna foreslår dei mål om 50 prosent reduksjon i smittepress frå lakselus, å greie ut utandørsområde i svinehaldet for å dekke trongen grisen har til aktivisering, og å fase ut dei raskaste veksande kyllinghybridrasane (i praksis ross 308).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.