Frå matfatet
Edamer
Om osten er rund i kantane, er han seld i eit piggete system.
Edamer i Edam: Her kjem han opphavleg frå, juleosten vår, men no lagar vi han sjølve.
Foto: Wikimedia Commons
Edamer er ein fast kvitost. Ein temmeleg mild, men syrleg kvitost, med namn og opphav frå byen Edam i Nederland. Så kva har gjort nett denne osten til den store juleosten vår?
«Det er uvisst av hvilken årsak, men trolig på grunn av tidligere tiders røde voks», skriv Store norske leksikon, og slik ruslar vel edamer pent inn i rekka av juletradisjonar vi ikkje heilt skjønar kvifor vi har. Kvifor er det ein brun deig med mykje krydder i som skal kjevlast så tynn at han, dersom eigaren òg er innehavar av store mengder tolmod og stødige hender, kan brukast til å bygge husveggar og tak av, medan ei kvit deig som ikkje smakar nokon ting, skal kjevlast litt tjukkare og målast med konditorfargar som heller ikkje har smak? Fordi slik er det, nett no, og det gjer oss glade.
No vert ikkje edamer pakka i raud voks lenger, iallfall ikkje den edamerosten Tine lagar på meieriet sitt i Ørsta. Han vert pakka i raud plast, men er ikkje nokon dårlegare ost av den grunn. Med ein god del meir særpreg i smaken enn Norvegia, men likevel langt unna å skremme vekk nokon som helst osteluktfryktande grandonkel som kan tenkast å dukke opp på julefrukosten.
Og så så billeg, då, i det minste om du har ein Rema 1000 i nærleiken, for dei har kampanjetilbod på mengder med julevarer no. Ei av dei er edamer som ikkje lenger kostar 129 kroner, men berre 59,90. Sidan osten er 850 gram, vert det ein kilopris på 70,47 kroner.
Det er billeg, det. Nesten uforståeleg billeg, i det minste når ein veit at basisprisen Tine betaler for ein liter mjølk, er 4,47 kroner, og at det kjem ymse tillegg oppå der som gjerne gjer at mjølkeprisen endar nærare fem kroner per liter. Og når det går minst ti liter mjølk for å lage eitt kilo ost, er alt to tredjedelar av osteprisen unnagjord før ystinga i det heile er i gang.
Ymse billeg julemat
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.