Frå matfatet
Er beredskap noko vi kan kjøpe?
Matberedskap til sals: Om du har dette heime, er staten nærast nøgd. Bør vi vere det?
Foto: Lise Åserud / NTB
«Vi må skape en beredskapskultur i alle deler av samfunnet», sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl då ho la fram Totalberedskapsmeldingen tidleg i januar: «Totalforsvaret er Forsvaret, men det er også oss alle, både myndigheter, næringsliv, frivilligheten, kommunene og folk.»
Meg og deg, altså. Kva skal vi gjere, då? Vi har fått ein brosjyre i posten: «Slik bidreg du til beredskapen i Noreg». Informasjonen som står i brosjyren, står òg på nettsida Sikkerhverdag.no (nynorskversjonen Sikkerkvardag.no endar diverre i ingenting). Tipsa er med andre ord dei same, og slik eg ser det, kan dei oppsummerast slik: Vi skal ut og handle.
Vi skal kjøpe straumfritt kokeapparat, fyrstikker, lommelykter, batteri, legemiddel, våtserviettar, dopapir og mat som toler lagring ved romtemperatur – som knekkebrød, hermetiske bønner, tørka frukt, posesuppe, middagshermetikk og frysetørka mat. Nok til å klare oss sjølve i ei veke, minst. Og det er jo fint. Ein start, kan vi seie. Men det er også litt holt.
For er beredskap – og ikkje minst beredskapsevne – noko vi kan kjøpe?
Kva nivå er du på?
Lat oss seie at du har gjort alt styresmaktene seier du skal gjere. Du har vatn i dunkane dine og ekstra batteri til hovudlykta lagra på ein vasstett stad. Er du i beredskap då? Har du gjort det du treng, og kan lene deg attende og lite på at styresmaktene og Forsvaret og alle dei andre gjer resten?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.