Diktet
Er dette det første miljødiktet i Noreg?
Miljøengasjementet prega diktinga og livet til Sidsel Mørck (1937–2024).
Foto via Wikimedia Commons
Er dette det første miljødiktet i Noreg? Det kjem sjølvsagt an på kva ein legg i omgrepet, men diktet er blitt ståande som eit tidleg og tydeleg døme på miljøengasjementet som prega diktinga og livet til Sidsel Mørck (1937–2024).
Diktet er henta frå den andre diktsamlinga hennar, Dager kan vokse, frå 1969. Mørck var mellom anna inspirert av Rachel Carson og den banebrytande boka hennar Silent Spring/ Den tause våren (1963).
Mørck var òg opprørt over luftforureininga frå fabrikkane på Herøya i Grenland, i nærleiken av der ho budde med familien frå 1969 til 1979. Som kvinne, lyrikar og innflyttar fekk ho først mykje motbør og lite offentleg støtte for kampen mot dei skadelege utsleppa, men året etter skreiv om lag sju tusen under på underskriftsaksjonen til Skien og Omegn Husmorlag, og det blei etter kvart vanskeleg for industrieigarar og politikarar å ignorere kritikken.
Mørck skreiv innanfor dei fleste sjangrar, og ho sørgde for å setje uslettelege diktspor i oss som vaks opp på 1970- og 1980-talet, med samlingar som Erta berta sukkererta (1978) og Sur- og blid-vers (1987), med fleire. Ho heldt fast på engasjementet gjennom jappetid og skiftande politiske vindar, og ho fekk ei rekke prisar, som Rachel Carson-prisen i 1991 og Ossietsky-prisen i 2013.
I 1987 skreiv Sidsel Mørck diktet «Vår eneste himmel» i samband med at Brundtland-kommisjonen kom med rapporten Vår felles framtid. Diktet inneheld dei kjende avslutningslinjene: «Blå er vår eneste himmel/ grønn er vår eneste jord./ Her er vår eneste fremtid,/ nå setter vi våre spor!»
Giftene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.