Kua og konspirasjonsteoriane
Få klimadebattar har spora av så hardt som den om metanutslepp frå kyr.
Alle vil ha mat, og ingen vil ha klimaendringar. Korleis sameinar ein dei to utan at internettet går av skaftet?
Foto: Anja Niedringhaus / AP / NTB
Er dette den raraste måten eit nytt år i livet til spalta «Frå matfatet» kunne byrje på? Det får i så fall vere. For dette er ingenting samanlikna med den rare debatten om mjølkeproduksjon frå ku dei siste månadene. Klimaskeptikarar, vaksinemotstandarar, dyrevernarar og helsefanatikarar med både falske profilar på sosiale medium og falske motiv er berre noko av det mjølkeprodusentar må ha med å gjere for tida. Ja, det kan nærast verke som alle vonde krefter, i alle fall på internettet, har samla seg om å angripe kua og mjølkenæringa.
I byrjinga av desember melde Q-meieriet at dei trekker mjølka Klimamelk frå butikken. Med det avsluttar Q prøveprosjektet med fôring av kyr med metanhemmaren Bovaer. Bovaer er eit fôrtilsetjingsstoff som hindrar at hydrogen i vomma til drøvtyggarar vert til klimagassen metan.
Tine har tidlegare trekt tilbake si «klimamjølk» på kartong frå butikkane, men held fram med prøveprosjektet med metanhemmarar. Dette har sett sinn i kok og fått mang ein mjølkedrikkar til å heise boikottflagget: For mange er det heilt krise at mjølka dei kjøper, kan kome frå kyr som har fått nokre få gram Bovaer i fôrrasjonen sin. Nettstader som Document og Steigan står fremst i kritikkøen.
«Det kan nærast verke som alle vonde krefter har samla seg om å angripe kua.»
Uforholdsmessig
Er Bovaer skadeleg for menneske? Lite tyder på det, men det er umogleg å prove det motsette så kort tid etter lanseringa.
Er Bovaer skadeleg for kyr? Same svaret her.
Men viktigare: Står redsel, raseri og spaltemeter i noko som helst fornuftig forhold til risikoen ved og verdien av prosjektet? Metanhemmarar er langt frå det einaste tilskotet produksjonsdyr får for at livet deira skal tilpassast ei industriell produksjonslinje.
Tenk berre på alle tiltak som vert gjorde for å få kyr til å kome i brunst til alle årets tider, slik at mjølkeproduksjonen kan gå kontinuerleg. Det er ikkje naturleg for kyr å verte brunstige når det er mørkt ute, og det krevst både mykje kunstig lys og mykje ekstra E-vitamin og selen i kraftfôret for å få det til. Også dette påverkar nok både dyr og produkt på eitt eller anna vis. Likevel er det få eller ingen som hissar seg opp over eit tiltak vi har vorte vane med.
Metanhemmarar er noko nytt, men ikkje noko ekstraordinært. Truleg er det langt viktigare ting å uroe seg for i norsk mjølkeproduksjon, som at inntekta til norske bønder i snitt gjekk ned med 23 prosent i 2023, til dømes – og det frå eit nivå som langt frå var til å leve med. Eller at sjølvforsyningsgrada i Noreg er blant dei lågaste i verda.
Byte hest midt i løpet
Burde Tine og Q trekt klimamjølkprodukta sine frå marknaden så raskt, eller burde dei stått i uroa, om dei verkeleg trudde på teknologien? Det er lov – ja, det bør endåtil oppfordrast til – å ombestemme seg om ein oppdagar at ein har gjort noko uheldig.
Spør du meg, var eigne kartongar med klimamjølk eit feilsteg frå starten. Faktorane som avgjer om ein bonde kan produsere med metanhemmarar eller ikkje, har lite eller ingenting å gjere med vilje til å gjennomføre klimatiltak, og så å seie alt å gjere med om produksjonen er stor nok og ligg nær nok eit meieri til at det kan forsvarast å gje han ein eigen tank på mjølkebilen. Poenget er at næringa som heilskap gjer det dei kan for å få ned klimagassutsleppa, ikkje å feire rekordutsleppskutt frå enkeltgardar.
Men for at vi skal ha ei jordbruksnæring å kutte utslepp frå, må vi ha ei jordbruksnæring i fyrste omgang. Det er her kampen verkeleg står for tida: I snitt vert meir enn éin gard lagd ned kvar dag i Noreg. Det er eit nedleggingstempo som faktisk kan ende med at vi står om ikkje utan, så med berre eit fåtal gardsbruk igjen her i landet.
Det vil sjølvsagt ikkje føre til nokon nedgang i klimagassutslepp, for vi må ha mat i munnen hokke som. Men det vil føre til at Noreg i endå mindre grad enn i dag tek ansvar for å fø sitt eige folk, og at vi med det lèt vere å gjere det vi kan for å bidra til global mattryggleik.
Om vi ser slik på det, vert både risikoen og nytta ved nokre gram Bovaer i ein fôrrasjon liten. Kanskje bør alle partar byrje det nye året med å roe seg kraftig ned?
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.