Olivenolje
Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.
Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.
Foto: Pxhere.com
Skal du ete heilnorsk i vinter? Det er fleire grunnar til at eg ikkje kjenner meg tøff nok til å hive meg på den heiderlege trenden med det fyrste. Viktigast er sjølvsagt kaffi. Men sitron òg – eg elskar både skal, saft og fruktkjøt. Sjokolade og sukker er tøffe offer – men kanskje, likevel, er det feittet som gjer det heile umogleg. For sjølv om eg elskar norsk smør, kan det verken samanliknast med eller erstattast av ein god olivenolje.
At olivenolje er kongen av matfeitt, er det liten tvil om – sjølv om det vert produsert meir enn ti gonger så mykje raps- som olivenolje i verda i løpet av eit år – eller kanskje nettopp difor. Olivenolje har i stor grad halde på identiteten sin som eit kvalitetsprodukt med terroir og regional identitet.
«'Extra virgin', desse små orda inneheld mykje meir enn berre feinschmekkeri.»
Ja, så vane har vi vorte med at det står «spansk», «italiensk», «gresk» og/eller «extra virgin» på olivenoljeflaska, at vi ikkje tenkjer over at det svært sjeldan står noko liknande på flaskene med rapsolje eller solsikkeolje, sjølv om det sikkert også her, på eit tidspunkt i prosessen, fanst smaksskilnader som kunne vore selde til ein kunde om marknaden for slikt eksisterte.
Den marknaden finst ikkje for raps- og solsikkeolje. Men marknaden for smaksrik olivenolje, han finst faktisk. Her er mangfaldet så stort at det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal velje. Er olivenoljen til 400 kroner literen dobbelt så god som oljen til 200 kroner literen? Det er nærast umogleg å vite før ein har smakt. Syn meg den kjededaglegvarebutikken som lèt kundane smake på olivenoljen sin før dei kjøper han, og eg skal garantere den kjøpmannen eit dobbeltsidig portrettintervju her i avisa.
Med korken på
Inntil vidare får vi halde oss til den kvalitetsskilnaden vi kan vurdere utan å opne flaska: om olivenoljen er extra virgin eller ikkje.
For desse små orda inneheld mykje meir enn berre feinschmekkeri. Skilnaden mellom extra virgin og ikkje-extra virgin olivenolje er, reint faktisk, som natt og dag.
Ein virgin olivenolje – eller jomfruolje – er ein olivenolje som er pressa utelukkande med mekanisk kraft. Det inneber at oljen aldri kjem over 27 grader celsius – noko som i sin tur sørgjer for at alle smaks-, lukt- og næringsstoff i oljen vert bevarte. At oljen er extra virgin, er ei kvalitetsnemning – jomfruolje vert lukt- og smakstesta for å slå fast om han har aromaen som skal til for å seljast som extra virgin.
Og så har vi resten. Det er olje som er pressa med ekstra trykk og ekstra varme – såkalla raffinert olje. Med desse metodane får ein meir olje ut av kvar oliven – med andre ord er det ein fornuftig prosess – til sitt bruk.
Ein raffinert olivenolje smakar om lag ingenting samanlikna med ein jomfruolje. Men han har høgare røykpunkt, noko som gjer han til eit sunnare, betre og – skulle vi tru – billegare val å bruke i steikepanna.
Billegare og betre
For det er liten tvil om at extra virgin olivenolje er eit produkt av høgare kvalitet og større verdi enn ein raffinert olivenolje. Difor skulle vi tru han kosta meir. Men slik er det visst ikkje alltid, på langt nær.
Reisa mi byrjar på Coop, der eg finn spansk Extra Virgin Olivenolje til 206 kroner per liter – rett ved sida av Coop Olivenolje, ei blanding av raffinert olje og jomfruolje – til 240 kroner per liter. Dei to flaskene er frå same spanske produsent.
Hjå Spar finn eg italiensk, økologisk extra virgin olivenolje under merkenamnet Vilje til 238 kroner per liter – eller eg kan betale 61 kroner meir, 298 kroner, for Ybarra olivenolje, som inneheld 85 prosent raffinert olje og 15 prosent jomfruolje.
Og det heile gjentek seg hjå oda.com, som deler utvalet til Rema 1000: Ein italiensk extra virgin-olje seld under merkenamnet til Rema 1000 kostar 176 kroner per liter, medan blandingsoljen frå Ybarra vert seld for 190 kroner per liter.
Desse blandingane er ikkje berre dyre, dei er temmeleg ubrukelege òg: Den raffinerte overvekta gjev lite smak, medan det jomfruelege innslaget nok kan tulle litt med røykpunktet. Fullstendig meiningslaust prislureri. Kort og godt: Styr unna.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.