JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Om kosthaldsråda alt synest utdaterte, kan det ha si årsak. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sunn frukost, ja vel, men kva med det kvite brødet og den magre salamien? Semje om kosthald er sjeldan.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4276
20240823
4276
20240823

Så kom dei endeleg, kosthaldsråda. Som trass i at dei er nettopp det, råd, og ikkje verken lover, forskrifter, påbod eller forbod, gjennom merksemd har fått både makt og tyngde.

I det minste heilt til dei var der. Ikkje eingong landbruks- og matministeren gav dei meir respekt enn at han på Facebook poserer ved ein overfylt kjøtdisk med teksten «frokost på vei til Arendalsveka» – ein veg han tok for å legge fram råd om å ikkje ete meir enn 350 gram raudt kjøt i veka. Dei varsla berekraftsråda som kunne hatt endå sterkare ord om kjøtinntak, var fordampa.

Dermed er det fort gjort å tenke at det er ei viss politisk styring med kva som vert sett på som sunn og miljøvenleg mat. Om vi skal forstå kvifor kosthaldsråda er som dei er, er det likevel viktigare å forstå kva dei er: ei oppsummering av funn frå vitskaplege undersøkingar.

«Den største risikofaktoren er at vi et for lite fullkorn.»

Vitskapleg tregleik

Vitskaplege undersøkingar som metode er ikkje noko vi vanlegvis set spørsmålsteikn ved. Heller ikkje her – vitskapleg metode er det beste verktøyet vi har for å finne objektive svar. Men det inneber ikkje at metoden er perfekt. Når det gjeld å finne ut kva mat som er sunn, og kva mat som er helseskadeleg, har han iallfall avgrensingar.

Metoden er skikkeleg god på å måle éin spesiell faktor – men kan verte forvirra om denne faktoren vert påverka av for mange kjelder. Om ein til dømes prøver å måle i kva grad røykt kjøt fører til auka førekomst av kreft i tjukktarmen, vil ein helst unngå at andre faktorar som kan føre til tjukktarmskreft, er med og pregar forsøkspersonane.

Det er fleire ulike diettval ein mann kan gjere for å ende opp med eller unngå tjukktarmskreft. Og sidan det er vanskeleg å be folk om å leve på røykt kjøt aleine, er det òg krevjande å få fram sikre vitskaplege resultat. Umogleg er det likevel ikkje. Då hadde vi ikkje hatt dei vitskaplege råda vi no har.

Men slike undersøkingar tek temmeleg lang tid. Det er det vanskeleg å gjere noko med: Nokre endringar i kroppen vår skjer skikkeleg sakte, og å måle dei må nødvendigvis ta like lang tid. Noko kan erstattast med forsøksdyr som rotter og mus, men heller ikkje her finst det nokon knapp for å spole fort framover.

Fyrst vite, så tolke

Og etter at undersøkingane er gjennomførte, må funna tolkast, rapportar skrivast og godkjennast i rigide akademiske former. Fyrst då kan arbeidsgruppa som har jobba fram det vitskaplege grunnlaget for kosthaldsråda – Nordic Nutrition Recommendations 2023 (NNR) – byrje arbeidet med på nytt å tolke og analysere kva forskinga seier.

Eit av dei viktigaste analysearbeida dei har gjort, «The Global Burden of Diseases, Injuries, and Risk Factors Study» (GBD), avslutta resultatinnhentinga si i 2021. Det er tre år sidan. Det kan høyrast lite ut – men kor mange gonger las vi om ultraprosessert mat det året Joe Biden byrja presidentperioden sin, jamført med kor mykje vi les og snakkar om det i dag? Kan vi i det heile vente at vitskapen skal henge med på den offentlege debatten lenger?

Vel. Å lese NNR-rapporten er faktisk både interessant og oppløftande. I det overordna kosthaldsrådet åtvarar dei både mot prosessert kjøt og «prosessert mat som inneheld store mengder tilsett feitt, salt og sukker» – med andre ord går dei om lag så langt ein kan gå i å åtvare mot ultraprosessert mat utan å faktisk gjere det.

Dei listar òg opp kva matvaregrupper som er dei største helseutfordringane for oss som bur i dei ni nordiske og baltiske landa. Og den største utfordringa er faktisk ikkje raudt kjøt – kjøtet kjem på fjerdeplass i Norden totalt og på tredjeplass i Noreg: Den største risikofaktoren er at vi et for lite fullkorn. 20 prosent av den diettbaserte sjukdomsbyrda i Norden, inkludert både hjertesjukdommar og tarm- og endetarmskreft, er relatert til fullkorn.

Så kan ein spørje seg kvifor det likevel er raudt kjøt som i dei norske kosthaldsråda har fått merknad om auka risiko for tarmkreft – og ikkje rådet om kva brødprodukt vi bør velje.

Med andre ord: Det er lov å bruke eige hovud sjølv om kosthaldsråda finst. Eitt skal du likevel legge deg på minnet: «Spis med glede» er kanskje til sjuande og siste det viktigaste du kan gjere for helsa di.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis