Proteinpudding
Skal vi ultraprosessere noko, bør det vere naudsynt.
Pulver og vatn – like godt som originalen?
Foto: Wikimedia Commons
Pulver og vatn – like godt som originalen?
Foto: Wikimedia Commons
Lat oss slå det fast: Dei to produkta vi omtalar her i dag, er på ingen måte naudsynte. Produktkategorien kunne vorte fjerna frå verda heilt og halde, utan at noko hadde vorte verken verre eller betre av det – ja, eg trur knapt vi hadde merka nokon skilnad.
Men no er det no eingong slik at proteinpudding finst. Ja, han finst endåtil i dei aller fleste daglegvarebutikkar i eit land som Noreg i 2021, og han finst i minst to variantar. Så då er det vel på sin plass å finne ut kva variant som er best?
Dei to proteinpuddingane vi skal sjå på her, heiter Yt og Be:We. Begge kjem med sjokoladesmak, og vi kan ta den mest openberre skilnaden mellom dei med det same: Der Yt er ei merkevare under Tine-paraplyen, og såleis produsert i Noreg på norsk mjølk, er Be:We produsert i Belgia for det svenske meieriet Foodicon. Allereie der er vi på veg til å finne oss ein favoritt, men vi skal likevel grave litt djupare, nærare bestemt via innhaldslista og heilt inn i cellestrukturen i dei enkelte råvarene.
Prosessar på lista
Be:We proteinpudding inneheld vatn, mjølkeprotein, laktosefritt skumma mjølkepulver, modifisert maisstivelse, feittredusert kakaopulver, konsentrert smør, stabilisator (karreganan) og søtingsmiddel (aspartam og acelsufam K). Eg gjev deg eitt poeng for kvar av desse ingrediensane du kjenner til, ti poeng for kvar ingrediens du finn på ditt eige kjøkken. Dersom du får over ti poeng, vert eg uroa – eller eg byrjar å mistenke at du bur på ein fabrikk. Med unntak av vatnet, og kanskje smøret, har nemleg alle desse ingrediensane det til felles at dei er ultraprosesserte. Og ultraprosessert mat, det definerer vi som sterkt tilverka mat som inneheld stoff du sjeldan finn på kjøkkenet.
Lat oss sjå på mjølkeproteinet. Ein enkel måte å trekke brorparten av proteina ut av mjølka på er å yste mjølka til ost. Men ost er ikkje reint protein, han ber og med seg litt sukker, vitamin, vatn og ein god del feitt. Skal vi få reint mjølkeprotein, må det tøffare prosessar til – prosessar som i større grad står i fare for å knuse cellestrukturen proteinet har i si naturlege form.
Arbeid for tarmen
Og kva er gale med det? Ja, det var det, då: Med eitt er vi midt inne i den globale fedmeepidemien som har fått breie seg over stadig større delar av verda dei siste tiåra, og som vi har om lag like mange teoriar om årsaka til, som vi har gradar av overvekt. Éin av teoriane går nettopp på veksten i ultraprosessert mat: Ein finn stadig samanhengar mellom tilgang på slik mat og vektauke med påfylgjande kosthaldsrelaterte sjukdommar. Samanheng tyder ikkje nødvendigvis årsak, og cellestrukturteorien løyser heilt sikkert ikkje alt, men kanskje er han ei brikke i spelet?
Kort fortalt baserer teorien seg på ein tanke om at vi menneske opp gjennom tidene har ete næringsstoff pakka inn i celler. Vi har ete grovt male korn, seigt kjøt og rå grønsaker som fordøyingssystemet har måtta jobbe med for å få næringsstoff ut av. Modifisert maisstivelse og skummamjølkpulver krev ikkje same jobben av fordøyingssystemet, og konsekvensen er at næringsstoffa vert tilgjengelege tidlegare i prosessen. Tarmane får mindre å jobbe med, og tarmfloraen vert ein annan.
Tarmflora har vorte ein stadig større del av ernæringsforsking dei siste åra, og det er ikkje utan grunn: Her bur mykje av immunforsvaret vårt, og her vert svolt og mettheit regulert, mellom anna.
Rein mjølk òg
Her er det altså mange spørsmål utan svar, men noko står tydeleg fram: Bak eit produkt som Be:We proteinpudding ligg ei lang rekke kjemiske prosessar som vi ikkje bør bruke tid og krefter på, dersom dei ikkje er naudsynte.
I Yt proteinpudding er her òg reine mjølkeprotein, men her er rein mjølk i tillegg, og ingen modifisert stivelse. Så lat oss byrje her: Om vi ikkje kuttar ut alt det ultraprosesserte med ein gong, kan vi byrje med å minimere der det er mogleg. Det kan i alle høve ikkje skade.
Kjøper eg Be:we proteinpudding frå Belgia? Nei takk, om eit så unødvendig produkt skal finnast i verda, får vi i alle fall klare oss med det vi produserer innanfor eigne landegrenser.
Siri Helle
Med eitt er vi midt
inne i den globale
fedmeepidemien.