Frå matfatet
Torsk
Ein ekte lofottorsk treng ingen tur til Polen for å hamne på norske middagsbord.
Noreg er god på torsk, men vi har litt å gå på når det gjeld foredling.
Foto: Cecilia Helmerson / Titan / UiO / NTB
Kva er det Noreg er heilt uslåelege på? Ja, vi er gode på ski, men framleis er det nokon som slår oss no og då – i det minste når Therese Johaug er på ferie. Vi kan pumpe opp masse olje, men er langt unna dei største produsentane i verda, og sjølv om nokon kan meine det er typisk norsk å vere god, har vi enno ikkje kome så langt at vi brautar på oss at det er typisk norsk å vere best. Heldigvis.
På eitt felt bør vi likevel kunne vere i nærleiken: I konkurransen om verdas beste sjømat. Berre tenk på alt vi har å ta av, frå krabbe, blåskjel, hummar og kreps til digre kveiter, bitte små reker og endå til monsterstor kval. Ja, berre innanfor torskebestanden har vi eit veldig mangfald: frå den svære skreien som kjem nedover kysten vår vinterstid, via kysttorsken som bur utanfor oss heile året, til den vesle taretorsken vi tar med stong og garn.
Er det ikkje rart, då, at forbruket av fisk og sjømat har gått ned med nesten ti prosent sidan 2015?
Og er det ikkje påfylgjande rart at ein stadig mindre del av fisken vert foredla innanlands? Ein ting er fisken som faktisk skal ut av landet, som eksport – men sjølv fisken vi sjølve et, klarar vi ikkje lenger å foredle her i landet.
Prisskilnaden
På Coop i dag fann eg to utgåver av større pakkar med singelfrosne torskefiletar. Den eine var frå deira eiga merkevare Xtra og kosta 102 kroner per kilo. Den andre var frå Lerøy og kosta 119 kroner per kilo på tilbod – til vanleg 171 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.