Gåvekortet
«Det er ikkje sikkert gåvekortet er gyldig lenger. Men fyrst må ho finne det.»
Teikning: May Linn Clement
Olga trudde ho hadde lagt gåvekortet på den lure staden, øvst i det lange skapet, saman med passa, boka med oppskrifter og andre småting som ikkje skal kastast med det fyrste, kanskje aldri. Ting ho tenkjer det kan vere lurt å ta vare på sånn i tilfelle.
Det er ikkje noko gåvekort å sjå, berre ein konvolutt med gamle betalingskort som ho ikkje har fått seg til å klippe opp og kaste, slik ein skal gjere når dei ikkje verkar lenger. Ho forstår ikkje kvifor utgåtte betalingskort utgjer ein så stor fare at dei må øydeleggjast, dei kan vel umogleg byrje å leve sitt eige liv? Ho finn kvitteringar, bilde, teikningar og nokre euro. Ein gamal tilgodelapp frå Intersport på 250 kr, antakeleg forelda. Men kva skulle ho ha kjøpt for 250 kr på Intersport?
Det er ikkje sikkert gåvekortet heller er gyldig lenger. Men fyrst må ho finne det. Ho fekk det av nokre vener som gjekk saman då faren døydde i fjor. Det var vel tusen kroner, om det ikkje var meir? Femten hundre, kanskje? Det er vel ikkje noko som er rett eller gale når det gjeld kva ein kan gje folk som sørgjer. Men eit gåvekort er kanskje litt uvanleg, eller kanskje ikkje?
Akkurat då var Olga uansett ikkje heilt til stades, og det stod ikkje fremst i køen å springe av garde for å shoppe. Gåvekortet blei liggjande ein eller annan stad, og no har ho ikkje peiling på kor det kan ha teke vegen.
Det var Renate Solbjørg som kom på døra og leverte gåvekortet, ei gamal venninne som nesten ikkje kunne kallast venninne lenger, Olga hadde verken høyrt eller sett snurten av ho på fleire år. Dei blei ståande på trappa. Renate sa mest ingenting og ville ikkje vere med inn. Olga fortalde at det gjekk på eit vis, og lova å seie ifrå om ho fekk behov for hjelp. Men det var berre noko ho sa, Olga kom til å prøve å klare seg sjølv slik ho har for vane å gjere. Komme seg vidare på eiga hand. Ikkje vere til bry, og i alle fall ikkje spørje om hjelp frå gamle venninner frå eit anna liv.
Gåvekortet kan ha sklidd ned på golvet og forsvunne inn under sofaen eller kommoden. Femten hundre er mykje pengar. Olga legg seg ned og kikkar under sofaen. Berre støv og lite gåvekort å sjå. Ho reiser seg og går bort og dreg kommoden ut frå veggen, ein edderkopp spring av garde, og inntil golvlista ligg Lypsylen hennar og ein svart knapp som ser ut som han har lege der ei stund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.